Kongevegen over Filefjell

Turvegen frå fjell til fjord.

Turvegen frå fjell til fjord.

Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. Ei reise mellom landsdelane med den historiske Kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd. 

Kongevegen over Filefjell frå 1790 var den første veg der ein kunne køyre med hest og kjerre mellom aust og vest, og erstatta den gamle ride- og kløvvegen. Partiet mellom Vang og Lærdal var det mest spektakulære. I dag er vegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna i landet.

I uminnelege tider har menneska ferdast over Filefjell. Heilt frå mellomalderen hadde ruta over fjellet rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Partiet mellom Vang og Lærdal er framleis det mest spektakulære.

Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid. Vegen er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Breidda var 4 meter. Slik starta ingeniørane sin tidsalder, som frå no av skulle reformere den moderne vegbygginga.

Oppdag området

Turvegen Kongevegen til fots Vang - Lærdal har varierande underlag av grus, gras, sti og asfalt. Sesongen for turar langs Kongevegen startar i overgangen april/mai nede i Lærdal og i Vang, mens over høgfjellet forsvinner snøen seint i juni. Juli og august er høgsesong, men ein hausttur i september og oktober byr også på flotte opplevingar.

Om du ikkje vil gå heilt frå Vang til Lærdal kan vi anbefale nokre spesielt flotte etappar og rundturar på vegen. Om du kjem frå Oslo vil vi anbefale å stoppe på Neset og gå Kvamskleiva. Køyrer du 15 minutt i retning Filefjell kan du stoppe i Øye og gå strekninga Øye-Tyinkrysset. Stoppar du på Kyrkjestølen kan du gå Kyrkjestølen-Maristova til Kongevegen sitt høgaste punkt og sjå nærare på Stiftstøtta. Når du køyrer mot Lærdal vil vi anbefale ein stopp ved Borgund Stave Church. Her kan du gå Vindhellavegen og Galdane. Om du vil ha ein rundtur vil vi anbefale Seltunåsen og Galdane (round trip).

Overnatting

Mange av Kongevegbedriftene tilbyr overnatting og mat og hos fleire kan du også telte. For informasjon om Kongevegbedriftene og svar på praktiske spørsmål, sjå www.visitkongevegen.no.

Komme seg hit

Om du reiser frå Oslo eller Bergen kan du finne riktige bussforbindelser her: www.nor-way.no/nb-NO/ruter/v%C3%A5re-ruter/valdresekspressen.

Om du er reiser frå Bergen finn du riktige bussforbindelser her: /www.nor-way.no/nb-NO/ruter/v%C3%A5re-ruter/%C3%B8st-vestxpressen.

Vi vil anbefale

Høydepunkter langs Kongevegen

Finn opplevelser

Viser 1 - 12 av 12

Borlo bygdetun

Kyrkjestølen-Maristova

2 - 4 t

10.7 km

Sykkel Lærdal-Vang

10 - 30 t

104 km

Vindhellavegen

1 - 2.5 t

4.2 km

Øye stavkyrkje

Borgund stavkyrkje

Kongevegen til fots Lærdal - Vang

96 - 120 t

104.7 km

Øye-Tyinkrysset

3.5 - 5 t

12.3 km

Kvamskleiva

1 - 1.5 t

4.7 km

Galdane

2 - 4 t

4.4 km

Seltunåsen og Galdane (rundtur)

3.5 - 4.5 t

8.6 km

Kongevegen til fots Vang - Lærdal

96 - 120 t

106.2 km

Viser 1 - 12 av 12