Vindhellavegen Vandring

Roundtrip starting by Borgund Stave Church

  • Foto: Samuel Taipale

  • Foto: Sverre Hjørnevik

  • Foto: Samuel Taipale

  • Foto: Samuel Taipale

Viktig informasjon

  • Destination Kongevegen over Filefjell
  • Season april–november
  • Difficulty Lett
  • Distance 4.2 kilometer
  • Elevation 280 meter
  • Duration 1–2.5 timer

Legg i favoritter

Om Vindhellavegen

Tronge kurver på høge murar i stigning på heile 1:4, har gjort Vindhellavegen kjent. Du let deg imponere. Frå Borgund tek ikkje turen meir enn ca 30 minutter ein veg. Vegen finst i fleire utgåver. Den mest kjente ruta vart bygd i 1840-åra og er den mest naturlege vandreruta gjennom Vindhella.

Den 2,7 km lange køyrevegen frå 1843 går i slynger gjennom Vindhella. Vegen vart bygd etter nye byggeprinsipp som til dels ikkje var utprøvd tidlegare i Noreg. Den ligg høgt i terrenget, og besto av fire 180 graders svingar, bygd opp av skyhøge steinmurar. Den gamle Kongevegen frå 1793 er synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen kun ei brukstid på 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi.

Ynskjer du ei runde, anbefaler vi deg å gå Vindhellavegen eine vegen og Sverrestigen attende. På kartet er Vindhellavegen den rettaste lina mellom Husum og Borgund, mens Sverrestigen går som ein hestesko mot sør.

Historia fortel at Kong Sverre tok denne leia for å omgå Vindhella der bøndene hadde forskansa seg for å lempe stein i hovudet på han når han passerte under.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Se flere populære opplevelser

Vindhellavegen kart