Mugnetinden Vandring

  • Fjella mellom Bygin og Gjende kommer tett på fra toppen av Mugnetind.

    Fjella mellom Bygin og Gjende kommer tett på fra toppen av Mugnetind. Foto: Thor Østbye

  • Ved Mugnestølen er det stølsdrift. Både geit og kyr kan du være heldig å treffa på her.

    Ved Mugnestølen er det stølsdrift. Både geit og kyr kan du være heldig å treffa på her. Foto: Thor Østbye

  • Fjellrype.

    Fjellrype. Foto: Thor Østbye

  • Mugnetind med Torfinnstindane heilt til venstre. Pyramiden midt i er Store Knutsholstind.

    Mugnetind med Torfinnstindane heilt til venstre. Pyramiden midt i er Store Knutsholstind. Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 5.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 720 meter
  • Varighet: 3–5 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Mugnetinden

Frå Mugnetinden er det storslått panoramautsikt mot Jotunheimen og Bygdin med Kælvehøgdidn, Torfinnstindadn og Svartdalen som dominerande blikkfang. Vidare ser ein tinderekkja i Jotunheimen med bl.a. Falketinden, Uranostinden og Hurrungadn, fjella i Vang, Slettefjellmassivet, Gausdal vestfjell, Valdresflye og Beitostølområdet. I framgrunnen rett under deg ligg mange trivelege stølsgrender. Tydeleg merka stig smyg seg i landskapet på nordsida av Mugna som sullar og susar og held deg med selskap til du etter ein snau time er komen opp i Mugnebøtten. Der inne ligg det to tjedn, fyrst eit lite, Sørre Mugnebøttjednet, og lenger inne eit større, Nørre Mugnebøttjednet. Dersom vassføringa er lita, kan du ta av frå den merka stigen og gå over på steinane i osen ved sørre tjednet. Ca. 100 meter oppover skråbakken på andre sida, tett inntil eit sva, vil du finne to dyregraver med bægji (ledegjerde). Det vil seia låge steinmurar, som skal styre reinen på ”rett” veg mot grava. Ei grav er intakt, medan den andre er delvis samenrasa, og i ura sørvest for denne ligg eit bøgahi. Du kjem innatt på den merka ruta ved å krysse åne som kjem frå tjedn 1460 moh lenger oppe. Fortset du i staden langs den merka ruta på austsida av fyrste vatnet, og tek opp opp mellom vatna, vil du nokre meter etter å ha kryssa åne frå nørre tjednet finne ei delvis samanrasa dobbel reinsgrav med ledegjerde. Den siste delen mot toppen går i blokkmark og ur, og kanskje over ei snøfonn. Skulle du ynskje å ta ei anna lei nedatt i Mugnebøtten og samstundes få ein rundtur, kan du gå rett nordover på vestsida av tjedn 1523 moh (ikkje merka lei). Når du har passert tjednet, svingar du i austleg og etter kvart sørleg retning mot austsida av Mugnebøtt-tjedne. Like før du kjem ned i terrengsøkket frå topp 1499 moh ligg ei delvis attrasa reinsgrav med bægji ca 1360 moh. I nordaustre enden av Nørre Mugnebøttjednet, langs eit dyretråkk, er ei stor oppmura reinsgrav inntil ein stor stein og med bægji som stengjer passasjen mellom vatnet og ura ovafor. Frå Mugnebøtte fylgjer du merka stig attende til bilen. Alternativ tur til Mugnetinden: Frå Slettefjell. Gangtid opp: 3-5 t (Ikkje merka lei) Vil du ha ein tur med mindre stigning, kan du parkere på toppen av Slettefjelle. Då har du lett marsj ”på verdens tak” nordvestover langs høgste ryggen på fjellet. Ved varderekkja som går 90 grader på din kurs, går du over frå bergarten fyllitt til valdressparagmitt, før du etter ca. 1,5 km, der lyng-/grasslettene sluttar, går over i meir blokkmark og kjem inn i Jotundekket med omdanna djupbergartar. Mange par snøsporv fylgjer deg innover her.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Vegabekken
Vang

Vandring 5.1 km · 1 – 2 t

Mugnetinden
Valdres

Vandring 5.1 km · 3 – 5 t

Bøgahi Skræmetindane
Vang

Kulturminner 2.9 km · 2.5 – 3 t

Bøgahi Skræmetindane
Valdres

Kulturminner 2.9 km · 2.5 – 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt