Stølsvegen Helin - Smådalen Vandring

  • Frå synst på Smådalsfjelle - her går stølsvegen nedover Storligile og vidare til Nørre Storlie.

    Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 8.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 440 meter
  • Varighet: 2.5–3.5 timer

Om Stølsvegen Helin - Smådalen

Du køyrer sørover langs Helin til der vegen tek av oppover Brattsetegge. Like etter bomkassa tek stigen av til venstre, skilt ”Kløvjavegen”, og går parallelt med nyvegen oppover, ca. 650 m. Så kryssar stigen den arbeidde stølsvegen og held fram oppover på oversida av denne. Eit stykke ovafor nerre svingen i Brattseteggen kryssar stigen stølsvegen endå ein gong, og held så fram på skrå oppover snaufjellet, passerer eit stykke vest for Hallingsteinen i flatt og lettgått terreng, heile vegen i selskap med mange heilopar. Du kjem etter kvart forbi ei større myr, der du kan få oppleva lappsporv og andre myrfuglar, før du skrår nedover mot bjørkeskogen i Smådale. Så kryssar du Storliåne i Storligilen med mykje fjellplantar og fylgjer merkinga til stigen kjem fram att ved stølane på Nørre Storlien, nokre meter sør for nørste stølshuset, ved skilt ”Kløvjavegen”. Den leia du no har gått, var den store ferdselsåra før den arbeidde vegen var ferdigbygd i 1929, og me ser for oss bølingane, sidvomma telemarkskyr med mange rukkar på hødno, og kanskje noko kvasse over ryggen etter svelteforing i vårknipa. Men grisepurker og smågriser var nok rundare i fasongen.

Kart

Save and share

Se flere populære opplevelser

Hulabaksteinen
Vang

Vandring 0.8 km · 0.2 – 0.5 t

Vabakko
Vang

Vandring 3 km · 0.2 – 1 t

Traneskrik på Øynadn
Vang

Fuglekikking 2.5 km · 2 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt