Skjøld Vandring

  • Utsikt frå Skjøld. Må opplevast!

    Utsikt frå Skjøld. Må opplevast! Foto: Thor Østbye

  • Opp fra Storstølen.

    Opp fra Storstølen. Foto: Dag Nordsveen

  • På Soleiklanten.

    På Soleiklanten. Foto: Thor Østbye

  • Vangsmjøsa frå Øye til Hugakøllen.

    Vangsmjøsa frå Øye til Hugakøllen. Foto: Dag Nordsveen

  • Du tenkjer ikkje på mykje anna mens sola kryp under horisonten rett til høgre for Suletinden.

    Du tenkjer ikkje på mykje anna mens sola kryp under horisonten rett til høgre for Suletinden. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 8.7 kilometer (rundtur)
  • Stigning: 590 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Om Skjøld

Ta av frå E-16 i vestenden av Vang sentrum ved bensinstasjon ved skilt ”Skakadalen 10”, og køyr forbi Stelegardadn, betal bompengar, og køyr så vidare innover den idylliske Skakadalen, forbi gamle, nedlagte, stølar, til du langt inni dalen kjem til Storstølen. Der parkerer du bilen. Gå oppover på vestsida av bekken,  fylg merking gjennom einer og vierkratt. Ved Soleiklanten er du oppe i ca. 1400 meters høgde, og derfrå og innover er det veksling mellom flatt og svakt stigande terreng. Du går i gras-, lyng-, mose- og lavmark, men og noko stein- og blokkmark, og er du heldig, kan du treffe dei sjeldne fjellfuglane boltit og fjellerke. Etter 1½ - 2 timars gonge i høveleg tempo er du på Skjøld, med fantastisk utsikt ned i Øye og heile tinderekkja i Jotunheimen som står som tenner opp av landskapet.

Forslag til rundtur (Umerka). Vil du ha ein rundtur og endå koma attende til utgangspunktet og bilen, kan du frå Skjøld gå i vest-sørvestleg retning i svakt hallande terreng mot Muneflænadn, som er eit flatt landskap med mange småtjedn. Sving sørover og inn på den T-merka løypa mellom Sulebu og Skakadale og fylg den attende til Storstølen.

Forslag til rundtur søraustover: (Umerka) Skulle du ha lyst på ein lengre tur med fleire fine opplevingar, er ei vandring tvers over Bergsfjellet absolutt noko for deg. Du går då i søraustleg retning mot Skålelibøtten, sør for punkt 1592 moh og nord for punkt 1562 moh. Gå ned langs bekken og vidare på nordsida (eller sørsida) av Skålelitjednet (1406 moh). Frå tjednet tek du peiling på skaret rett nord for punkt 1461 moh. Der tek du til nordaustover, ned den bratte hellinga og ned i Bergsbøtten, (Uksebøtten). Har du framleis tid og krefter att, bør du gå tvers gjennom bøtten og til utsiktspunktet 1424 moh. Då kan du fylgje merka stig ned til Vårheim, like ovafor Stele.

Rødalen er eit anna utgangspunkt for tur til Skjøld.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Skakadalen - Sulebu

Vang

Vandring 13.1 km · 4 – 5 t

Skakadalen - Kljåen

Vang

Vandring 13.8 km · 5 – 6 t

Rundtur Øye - Rødalen - Øye

Vang

Vandring 4.3 km · 3 – 5 t

Øye Stave Church

Vang

Kulturminner

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt