Grindane Vandring

  • Frå Grindadn mot Grindatjednet og Smådalen.

    Foto: Thor Østbye

  • Vidt utsyn til alle kantar.

    Foto: Thor Østbye

  • Majestetiske Grindadn sett frå Vennis

    Foto: Dag Nordsveen

  • Hurrungane frå Grindadn.

    Foto: Thor Østbye

  • Foto: Oddvin Almenning

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 3.8 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 560 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Om Grindane

Du tek av frå E-16 ved skilt som viser til Helin. I vestenden av Helin i tett klynge med stølar og hytter, tek du veg til høgre. Etter turen gjennom tett bjørkeli, kjem du opp i snaufjellet med utsikt mot Grindadn og Grindetjednet som blinkar i dalbotnen. Du køyrer nesten til høgste punkt på vegen. Her er det parkeringsplass, og her finn du skilt som viser til ”Grindadn”. Fyrste delen av turen er flat og fin. Så tek du fatt på bakkane, og etter ein times tid er du oppe i skaret med reinsgjerde. Omlag 150 m før reinsgjerdet står ein stor ”bautastein” i stigen, merka med kvit V. Ca. 20 m sørvest for denne ligg ei inntakt reinsgrav med ei helle over opningen, og nokre meter nedafor denne ligg ei delvis samanrasa grav med ledegjerde. Frå reinsgjerdet ser du innover den fine, graskledde kvelven mellom Grindo og Belgjinøsen, som merkeleg nok heiter Heimstølbøtten, endå det er langt til heimstølar her. Herfrå svingar stigen austover mot toppen. Siste delen av turen er bratt og går etter kvart berre i ur, men det er heilt ufarleg. Nesten på toppen og ut mot kanten (sørveggen) finn du ei svær kløft i fjellet, og midt i kløfta ”ligg” Grindetjednet med Grindebue. Eit fint fotomotiv. På turen oppover mot toppen kan du m.a. sjå fjellrype, snøsporv og dekorative tepper med issoleie og fjellsmelle. Vel oppe ved varden som ligg på 1724 moh, har du ei ”kongeleg” utsikt til alle kantar. Du må nesten studere kartet og sjølv peile ut kva du ser i dei forskjellige retningar. Og oppfører du deg fint, vil du ikkje få problem med trollet Tindulf Grindo, som frå gamal tid var einerådande her i fjellheimen. Når du no er komen så høgt, og kanskje har tid og krefter i reserve, vil ein tur bortpå Veslenibb (1667 moh.) og Storenibb (1674 moh.) gjera turen fullkomen. Frå desse ”nibbo” har du ei praktfull utsikt over bygde og Vangsmjøse. Alternativ rundtur på vegen nedatt: Nede i skaret att, Heimstølbøttn, går du på nordsida av reinsgjerdet og opp på toppen av Belgjinøse (1564 moh). Rett under toppen på sørsida finn du ei fin reinsgrav med bøgahi (ledegjerde). Vidare sørover går du over topp 1555 moh og fylgjer ryggen nedover til Belgjislettudn ved reinsgjerdet. På flata her, ved gamalt stølsjorde, like aust for reinsgjerdet kjem du ned på eit større felt med kulturminne, 4 tufter og 12 dyregraver. Fylg så stigen austover til parkeringsplassen og bilen. Eg vil ikkje ti stille om at det også er ei anna og svært ”luftig” rute å fylgje for å koma på Grindadn. Er ein forsiktig og ser seg godt for, er turen ufarleg, men ikkje noko for folk med høgdeskrekk. Rett opp for Grindetjednet går vegen ned til Grindebue (privat), så du parkerer oppi vegen. Du går forbi bue, over i osen og rett oppover bratte bakkane til oppunder loddrette fjellveggen. Det ser heilt ”vilt” ut, men komen opp til fjellveggen vil du sjå at det opnar seg ei kløft på skrå oppover til høgre. Der er det framkomeleg, men ver på vakt mot steinsprang dersom mange er i fylgje. Kløfta fører deg opp i Grindeskøre, ei brei og bratt, grøn hylle litt nedafor toppen. Du fylgjer denne hylla bortover eit stykke til du ser det er framkomeleg opp på ”trygg grunn”. Vidare går turen vestover til høgste punktet, og kanskje tek du den andre leia nedatt?

Kart

Save and share

Se flere populære opplevelser

Belgen stølslag
Vang

Vandring 3.9 km · 2 – 2.5 t

Grindane
Valdres

Vandring 3.7 km · 4 t

Geologitur i Smådalen
Vang

Vandring 20.1 km · 9 – 11 t

Uksestigen til Bergsfjellet
Vang

Vandring 8.9 km · 1.5 – 2 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt