Hugakøllen Vandring

  • Trevarden på toppen.

    Foto: Thor Østbye

  • Hugakøllen er eit fint turmål. Sentralt i bygda med storslagent utsyn, og mange vegar opp.

    Foto: Thor Østbye

  • Trolsk stikker Hugakøllen opp av tåka i dalen.

    Foto: Thor Østbye

  • Grindadn troner midt i biletet i vest.

    Foto: Thor Østbye

  • Hugakøllen er eit minst like fint turmål om vinteren. Truger er godt eigna.

    Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 1.7 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 280 meter
  • Varighet: 1–3 timer

Om Hugakøllen

Dette er ein lett og enkel tur til ein topp med makalaus utsikt. Det var sagt at ein kunne sjå sju kyrkjer derfrå, og med ein god kikkert gjer du kanskje det? I stygg-gamal tid budde trollet Labo Hugakøll i dette fjellet, men han har halde seg merkeleg i ro i seinare tid, så det er lita sjanse for at de får med han å gjera på turen. Harmeleg, seier du? Ja, kanskje det?

Turen startar med at du tek av frå E-16 ca. 100 meter nordaust for Hugali pensjonat, der det står skilt til ”Hugakollen”. Der betalar du bompengar og køyrer vidare med godt samvit. Oppe på vegens høgste punkt tek det av ein veg til venstre, men du køyrer rett fram mot Hugastølen til du har køyrt over åne Ala og er komen til parkeringsplassen rett på andre sida. Der parkerer du og tek beina fatt. Skilt, merking og tydeleg stig gjer at du ikkje kan ta feil.

Du går rett forbi stølen til gamle Øylo Gjestgiveri. Like ved stølshusa gjer stigen ein sving sørover rundt ein haug. På baksida av haugen finn du eit skilt som viser til Alasteinadn, nokre svære steinblokker som nok isen har lagt att der. Turen bortom der tek berre 10 minutt.

Etter å ha tatt av frå stølsvegen mot Kvam, blir det brattare, men er lett framkomeleg både for born og eldre. På toppen kan du nyte utsikta til alle kantar. Du ser mange lokal toppar med Jotunheimens tindar i bakgrunnen mot nord. Under deg på mest alle kantar ligg gardar og grender, så med kikkerten kan du kontrollere kva folk puslar med der nede.

Kart

Save and share

Se flere populære opplevelser

Langs Ala
Vang

Vandring 5.9 km · 1 t

Øylo - Hugastølen - Liavegen
Vang

Vandring 10.1 km · 1 – 1.5 t

Kongevegen neset - Kvam - Syndrol
Vang

Vandring 9.1 km · 1 – 1.5 t

Stølsvegen Kvam - Hugastølen
Vang

Vandring 11.7 km · 2 – 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt