Skutshødn Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 8.8 kilometer
  • Elevation 930 meter
  • Duration 2–3 timer

Legg i favoritter

Om Skutshødn

Utgangspunkt: Sandalen. For å koma dit køyrer du Fv. 293 til Vennis og tek av ved skilt som viser til Sandalen. Bomveg, 6,5 km. Parkeringsplass rett før stølane. Fylg merking frå parkeringsplassen ned til bru over Leineåne. Vidare går leia i sørvestleg retning, temmeleg bratt til me kryssar ein større bekk oppunder bratte berget. Du dreier mot sør, fyrst gjennom ur, så opp ei stigning til siste merka varde på stor stein. Herfrå kan du anten gå oppover mot nordvest, ta sikte på, og gå i retning mot varde i himmelsyn, så sørover til toppen, eller du går vidare oppover bratta mot sørvest. Ver forsiktig dersom bratte snøfenner må passerast. Legg turen over topp 1615 moh. og vidare på austsida av tjednet og til den høgste toppen som ragar 1630 moh. Går du vidare i ca. 30 min er du framme på ytste punktet der du har den finaste utsikta.

Alternativ rute. (Umerka)
Denne turen er ikkje så bratt, men er lengre. Du fylgjer stig innover dalen på austsida av Leineåne til nord for bekk frå Nedre Norlandstjednet (1300 moh). Klyv oppover langs nordsida av bekken og passer denne like nedafor utløpet av Nordlandstjednet. Gå rett sørover forbi tjedn 1356 moh, sving søraustover, passer punkt 1472 moh til 1615 moh. Vidare som turen over.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Skutshødn kart