Kvenadn - Vennis Vandring

  • Ettermiddagskos på Måneberg.

    Ettermiddagskos på Måneberg. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 18.4 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 1,160 meter
  • Varighet: 4–5 timer

Om Kvenadn - Vennis

Utgangspunktet ligg ved Øvrebygdvegen (Fv. 293), 1,8 km vestover frå Slettefjellbommen. Infotavle og skilt som viser til Måneberg og Nefstadstølen ved start. Fyrste delen av turen går du på den gamle stølsvegen som kallast Kleivavegen. Litt oppe i bakken går du gjennom ei grind og passerer tomter etter heimstølen i Sørre Hemsing. Men fleire gardar hadde heimstølar i dette området. Stigen skrår no oppover i nordleg retning, og mange stader vil du sjå ”far etter folk” frå gamle dagar. Eit stykke oppi bakkane kjem du til eit ”vegskil” med skilt som viser til ”Måneberg”. Ved dette ”vegskilet” som ligg rett vest for Hensån, tek du til venstre mot Måneberg (910 moh). Der er det bord og benk og flott utsikt til alle kantar, så ein pust i bakken der kan tilrådast på det beste. Vidare går turen i lett, fint lende i open, frodig fjellbjørkeskog. Ved tuftene etter gamle Remmisstølen kan du velja å ta ein beinveg (rydda stig) rett nedover til stølsvegen Remmisåsen-Leirholsstølen og vidare nedatt til fylkesvegen og attende til utgangspunktet. Eller du går vidare vestover til Møsåkerstølen. Når du kjem ned på den arbeidde stølsvegen litt aust for stølen, kan du velja å avslutte turen her og gå stølsvegen nedover til utgangspunktet, som nemnt ovafor. Men vil du endå lengre, går du vestover langs stølsvegen, forbi Høverstadstølen og til Leirholsstølen. Då kan atter velja: Vil du gå den bratte stigen ned berga til Leirhol, eller vil du lengre mot vest til Knappetjednet og Vennis?

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Kvenadn - Rysndalen
Vang

Vandring 6.4 km · 1.5 – 2 t

Fjellbjørkeskogen i Vang
Vang

Planteliv 4.2 km · 2 – 3 t

Hensfjellet
Valdres

Skitur 4.9 km · 2 – 4 t

Leirholshøgde
Vang

Vandring 7.1 km · 1.5 – 3.5 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt