Leirholshøgde Vandring

  • Utsyn frå Knappen.

    Utsyn frå Knappen. Foto: Thor Østbye

  • Rypebæra fargsett marka på hausten.

    Rypebæra fargsett marka på hausten. Foto: Thor Østbye

  • Rype.

    Rype. Foto: Thor Østbye

  • Særs fint å gå bortetter Leirholshøgde på ski om vinteren.

    Særs fint å gå bortetter Leirholshøgde på ski om vinteren. Foto: Thor Østbye

  • Utsyn frå Møsåkerstølen mot Vang.

    Utsyn frå Møsåkerstølen mot Vang. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: januar–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 7.1 kilometer (rundtur)
  • Stigning: 300 meter
  • Varighet: 1.5–3.5 timer

Om Leirholshøgde

Dette er ein lett og fin tur, ypparleg som familietur der minsten i barnevogn godt kan vera med. (Til Leirholsstølen.)

Du kan køyre av frå Fv. 293 ved skilt ”Remmen/Skogheim” og nokre hundre meter til låst grind kor du parkerer og tek beina fatt. Du kan halda deg på stølsvegen heile turen om du vil, men du kan også ta avstikkarar både hit og dit for å gjera turen meir interessant.

Nokre hundre meter oppe i bakken tek ein veg av til venstre åt Remmishølun, heimstølen til Nørre Remme. Så veit du det!

Men du ruslar vidare oppover. Litt før du kryssar Remmisåne står det skilt i skråninga på høgre sida som viser til gamle Remmisstølen. Dette er ein triveleg avstikkar langs rydda og merka stig.

Nokre meter ovafor brua over Remmisåne går det stig ned til Skogheim, skilt ”Kroklibakkadn”.

Når du kjem til stigkrysset, der stigen frå Kvenadn-Måneberg kjem ned, og du ser Møsåkerstølen, er du komen til ein plass som heiter Bu-lega. Dette namnet finst ved mange stølar, og det tyder rett og slett liggjeplass for bu-feet. Krøtera har ei eiga evne til å finne seg fine plassar til nattelæger. Og kven kunne ikkje tenkja seg å overnatte under open himmel ei måneljos, mild sommarnatt her på Bu-legun? Gjerne med jortande kyr i ”majestetisk” ro omkring seg?

Ein tur utpå bergpynten her høyrer med. Der ser du fint ned i bygda. 20-30 meter nedafor der du står no, er det ein liten steinvarde (som du ikkje ser før du kjem nedtil). Frå denne varden gjekk det løypestreng ned til Møsåker, som ligg rett nedunder. På denne strengen sende dei ned både ved- og fór-bører. Det var lettvint og greitt sidan det ikkje fanst veg.

Her på Bu-legun kjem stigen frå Måneberg-Remmisstølen ned. 25 m oppover stigen mot Måneberg, er det minst 4 skålgroper på ei stor steinblokk inntil svaberget på austsida av stigen.

Turen vidare går langs stølsvegen på oversida av Møsåkerstølen og nedunder den runde knausen som heiter Haus. I lia vest for stølen går det mektige snøskred nesten kvar vinter.

Neste storslagne utsiktspunkt er ved Høverstadstølen. På utsida av vegen er det ein høveleg stor stein som er ”einlaga” til meditasjons- og kvileplass. Vegen vidare går gjennom bjørkeskog. Like før du kjem fram til Leirholsstølen, kryssar du Drøsja. Dette var heimstølen til Leirholsgardadn, og har vore nedlagd i fleire ti-år, inntil Nørre Leirhol no har bygt oppatt eit moderne stølsfjøs. Herfrå kan du anten gå attende same veg, gå vidare mot Vennis, eller ned stølsstigen til Leirhol og fylkesvegen attende til Remmisåsen. Vil du vita meir om folk og hendingar her i  ”gamle dagar”, kan du slå opp og lesa det som står i «Turhandbok for Vang i Valdres» av Sigfred Hovda og Thor Østbye, om tur C1.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Purkeryggen på ski

Valdres

Skitur 5.8 km · 2.5 – 5 t

Kvenadn - Vennis

Vang

Vandring 18.4 km · 4 – 5 t

Fjellbjørkeskogen i Vang

Vang

Planteliv 4.2 km · 2 – 3 t

Kvenadn - Rysndalen

Vang

Vandring 6.4 km · 1.5 – 2 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt