Hamaren Vandring

  • Solide steinmurar ved innmarka til Hamaren.

    Solide steinmurar ved innmarka til Hamaren. Foto: Thor Østbye

  • Berit pø Pynte. Teikna av Erik Werenskiold i 1893.

    Berit pø Pynte. Teikna av Erik Werenskiold i 1893.

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 1.8 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 90 meter
  • Varighet: 1–1.5 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Hamaren

Turen starter ca 1,2 km aust for Ryfoss langs E-16. På venstre side av vegen er det rydda ein plass der det ofte ligg tømmer. Frå denne staden går det to skogsveger oppover i skogen. Du tar den til høgre og føljer skilt og merking. Du kommer fyrst til ein opning i en steinmur som i si tid var mura opp av husmannen og virka som inngjerding av eigendomen. Innafor muren ser vi at det har vore dyrka, men er no tilvokst med skog. Oppe på nokre bergklantar står det enno ein låve, som er sett i stand. Inne på låven kan du lesa om historia til plassen Hamaren. I bygdeboka står det at dei fødde 2-3 kyr. For plassen ”svara” dei årleg 4 dalar i pengar, dei skulle slå 4 markateigar (mælingar), dei skulle vera med ei veke i slåtten og skjera 4 mål åker. Når me ser oss omkring, skjønar me at dei tok ikkje dyrkbar jord til å byggja hus på. Her har dei bygd sitt hus ”på klippen”, og husa stod sikkert godt. Støgohuset som me ser tomta etter ovafor låven, står no som sel på ein støl ovafor Sølvsmia ”austa Åsen”. Ved sida av låven ser me tomta av fjøset med den ”naturlege” møkk-kjellaren. Dei visste å utnytte naturtilhøva. Me legg også merke til at plassen ligg lognt til i ei sørhelling, noko som var eit stort pluss i verharde Vang.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Riddarberg
Vang

Vandring 1.6 km · 0.5 – 1 t

Postvegen Høre - Kviismoen
Vang

Vandring 4.5 km · 1 – 1.5 t

Tour de Høre
Vang

Terrengsykling 16.1 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt