Klybersteinberget Vandring

  • Klyberstein-brotet

    Klyberstein-brotet Foto: Thor Østbye

  • Stigen er godt merka.

    Stigen er godt merka. Foto: Thor Østbye

  • Du går i det grøne.

    Du går i det grøne. Foto: Thor Østbye

  • Fjellfiol.

    Fjellfiol. Foto: Thor Østbye

  • Slalomnedfarten er ikkje langt unna med utsyn mot Beitostølen og Bitihødn.

    Slalomnedfarten er ikkje langt unna med utsyn mot Beitostølen og Bitihødn. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 1.3 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 110 meter
  • Varighet: 0.5–1 timer

Om Klybersteinberget

For å koma til Klybersteinberget køyrer du frå Beito, forbi Grønolen Fjellgard og skianlegget. Ta til venstre i krysset og køyr i retning Sølvsmia 10 - 15 m meter til du ser skilt som viser stigen mot Klybersteinberget, på austsida av Sauebekken. Fylg så merkinga med kvite klossar oppover den frodige bjørkelia. I ein bergklant i Kjøsalia i Kjøsaraudale vest for Beito har det vore teke ut klybberstein (kleberstein) i kanskje fleire hundre år. Emne til dei fleste klybbersteinpeisane i Valdres er mest truleg frå denne plassen. Sist på 1800-talet kom omnane i bruk, så klybberstein var ikkje lenger så aktuell til peismuring. Men av di steinen er så laus at han kan både sagast, hoggast, høvlast og skjerast i med skarp reiskap, kunne han nyttast til andre ting, som t.d. gravsteinar, tjørobidne, lodd i klokker, støypeformer for metall, og var frå gamalt av også brukt til gryter og kokekar avdi han tolde varmen. Namnet grytestein kjem nok av det. Men så, under fyrste verdskrigen, i 1916, var det nokre føretaksame karar som skipa eit andelslag under namnet A/S Valdres Klebersteinsindustri. Det var mangel på mangt i den tida, så karane tenkte kanskje at bearbeidd klybberstein kunne vera ei salsvare. Frå før stod det ei lita skogskoie på staden. Denne koia vart brakka der arbeidarane budde veka igjennom. Arbeidsstokken var på 6-7 mann. Det vart sett opp eit stort saghus på 13 x 9 meter der dei saga opp blokkene som dei skaut laus i gruva. Ein stor bensinmotor drog saga, for dei hadde ikkje straum. Det viste seg at føretaket var lite lønsamt, og etter to års drift stoppa det heile opp, og andelshavarane tapte store pengar. Enno står mannskapsbrakka på staden, men av det store saghuset er det berre tomta att, på toppen av ei høg steinrøys. Delar av vegen mellom brakka, saghuset og ut frå gruva er enno synleg.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Husky Cart Safari

Beitostølen

Hundekjøring 8.9 km · 2.5 – 3 t

Chinook Adventure Trail

Beitostølen

Hundekjøring 11.1 km · 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt