Falketind - pionerruta

Jotunheimen

Vandring 8 - 10 t 5 km

Frå aust kneiser Falketind mot himmelen som ein rovfugl, og har hatt mangnetisk tiltrekning på fjellfolk i flere hundre år. Pionerruta har fått auka merksemd dei siste åra, og mange søker seg til guidefirma for å kunne gå den varierte og flotte traséen over Falkbreen til den loddrette nordaustveggen, og følge pionerenes rute til topps.

Falketind er i dag blant dei meir populære toppane i Jotunheimen, og på finversdagar utpå sommaren er ein sjeldan åleine på toppen. Toppen ligg sørvest i Jotunheimen, utanfor nasjonalparken, men innanfor Utladalen landskapsvernområde
«Den svarte tind med nebben sin i bugt
er falken lik, som voggar seg til flugt;
i bringa kvite flekk er spettad inn,
og difyr vert han kallad Falketind.»              A. O. Vinje

Slik skildrar diktaren Aasmund Olavsson Vinje Falketind - eller Koldetinden - som den vart kalla før Vinje ga toppen sitt noverande namn. Toppen har ein imponerande profil, då særskilt frå aust. Alt i 1820 - noko som er uvanleg tidleg for ein såpass alpin topp - gjorde Chr. Boeck, B. M. Keilhau og Ole Urden ei dramatisk fyrstebestigning av Falketind.

Adkomst
Frå E16 tek ein rv 53 mot Årdal til Tyinvatnet, hvor ein tar fv 252 langs austsida av Tyin til Tyinholmen, hvor ein fylgjer vegen som går inn Koldedalen. Her er det mogleg å køyre til ca. 1 km før enden på vegen på nordsida av Koldedalsvatnet.
Frå E16 tek ein rv 53 mot Årdal til Tyinvatnet, hvor ein tar fv 252 langs austsida av Tyin til Tyinholmen, hvor ein fylgjer vegen som går inn Koldedalen. Her er det mogleg å køyre til ca. 1 km før enden på vegen på nordsida av Koldedalsvatnet.

Pionerruta
Fyrstebestigarane gjekk ei bratt rute frå Falkbreen og opp austveggen. Enklaste varianten her er svakt på skrå frå venstre mot høgre, noko til høgre for høgste punktet på Falkbreen og ein kjem då opp like til høgre for lågaste punktet på ryggen mellom Falketind og Midtre Stølsnostind (2002). Klatreteknisk er ruta enkel, men den er nokså vedvarande via sva og hyller til ein når den breie ryggen som fører sørover opp på toppen av Falketind.

Frå Falketind har ein panoramautsikt over mykje av Jotunheimen. Mot nord dominerer Uranostind, mot vest Stølsnostind og Hurrungane og i sør  Hjelledalstind og Koldedalstind.

DNT-hytta Fondsbu, på Eidsbugarden ved Bygdin, har turar med førar til Falketind i høgsesongen i juli og august.

Henning Gladheim
Dag Nordsveen
Dag Nordsveen

Likte du Falketind - pionerruta? Finn opplevelser i nærheten.

Uranostind

8 - 9 t

8.7 km

Hjelledalstinden

7 - 9 t

6.3 km

Uranosryggen

8 - 10 t

14.3 km

Koldedalstinden på ski

4 - 5 t

5.3 km