Skogadalsbøen

Jotunheimen

Hytte

Skogadalsbøen er staden for deg som vil oppleve det gode, gamle fjellmiljøet midt i Jotunheimen. Hytta ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken. Mange av dei T-merka rutene gjennom Jotunheimen går om Skogadalsbøen.Hytta er ei av dei største turistforeningshyttene utan vegtilkomst. I dag har helikopter og skutertransport erstatta det meste av bæringa for folk og hest.

Av mange fine veger hit er turen fra Øvre Årdal via Ingjerdbu, kanskje den flottaste.

Skogadalsbøen kjem du definitivt tilbake til.

Allerede rundt 1870 kom dei første turistane og tindebestigerane til Skogadalsbøen. I starten fekk dei overnatte i sel som var i drift på sommarstid. Etter kvart opppdaga fleire turistar dette vakre området og då vart Skogadalsbøen bygd, som den åttande i rekka av DNT sine hytter. Både finansiering og transport gav store utfordringar, men sommaren 1888, etter 12 år med arbeid sto Bøen endeleg klar til å ta i mot gjester. Skogadalsbøen ga raskt ly til fleire kjende fjellfolk.

Dei første fjellvandrerne i 1888, blant andre britiske Cecil Slingsby og hans følgje av tindebestigerar budde på hytta, det same gjorde Edvard Grieg – fleire somrar. Her sat han ved sida av Gjendine Slålien mens ho mjølka og skreiv blant anna Gjendines bådnlåt.

Likte du Skogadalsbøen? Finn opplevelser i nærheten.

Fannaråken

4 - 6 t

10.2 km

Vormeli

4 - 6 t

10.5 km

Uradalsnosi

2 - 3 t

2.2 km

Vettisfossen