Besseggen

Jotunheimen

Vandring 7 - 9 t 13.1 km

Besseggen har ein spesiell status hos nordmenn. Visst er det flott her med det mørkeblå Bessvatn til høgre og det smaragdgrøne Gjende nede til venstre. Vi står på toppen av egga og ser vestover. Sjelden ser ein noko vakrare. Ei mengd flotte tindar hever seg opp over landskapet i alle himmelretningar. Og mange har oppdaga perla. Kanskje starta «merkevare-bygginga» med Henrik Ibsen og Per Gynt sitt ritt bortetter egga?

Turen er ikkje flat. Om du vel å gå fra Gjendesheim eller Memurubu, stig det bratt oppover fyrste timen. Er du ikkje høgderedd, ville eg ha starta frå Gjedesheim og gått egga ned. Litt småklyving er det, men det er ei trygg rute ned som alle klarar når ein tek det med ro. På vegen vestover har ein dei flotte utsyna framom seg heile turen. I tillegg er du heilt uavhengig av å rekke morgonbåten og lange køer for å sikre deg plass ombord. Unn deg heller ei overnatting på Memurubu. Du må rekne med 7-9 timar over Besseggen.

Overnatting
Gjendesheim Turisthytte ligger lett tilgjengelig ved starten av turen. Booking: gjendesheim@turistforeningen.no eller 612 38 910

Returen
Dagen derpå kan du gå langs Gjende attende til Gjendesheim. Det er ein overraskande fin og frodig tur. Lettgått men, variert og mykje å sjå og oppleva. I de stupbratte fjellsidene langs Gjende vokser bergfrue i tusenvis på seinsommaren. Planta er ei utprega norsk plante og er ikkje vanleg elles i Europa. Den er ein av dei vakraste plantene i vår flora, med kvit klaseforma blomsterstand som kan bli over ein halv meter lang. Desse klasene henger utover bratte, fuktige bergveggar, ofte langs bekkar og elver. Mange stader langs stigen er det frodige høystaudesamfunn med tyrihjelm, turt, skogstorkenebb, fjellburkne, svinerot for å nevne nokre. Orkideane brudespore, flekkmarihand, grønnkurla og nattfiol vokser langs Gjende. 3-4 timar tek turen langs vatnet til Gjendesheim.

Alternativ rute
Eit meget godt alternativ dag to, er å fortsetja vestover til Gjendebu og gå Bukkelægret. To fulle dagar i fjellet gir meir ro over opphaldet. Oppstigningen fra Memurubu er særs fin, og oppe på ryggen har du fantastisk flott utsyn til Surtningssue. Nedstigninga via Bukkelægret vil nok mange oppleve som friskare enn over Besseggen, men du kan omgå Bukkelægret ved å holde høgda fram til Stordalen. Gjendebu er ei perle. På denne etappen treff du færre folk enn over Besseggen og turen er noko kortare.

Thor Østbye
Dag Nordsveen
Kari Sveen
Dag Nordsveen

Likte du Besseggen? Finn opplevelser i nærheten.

Russvatnet og Bessplatået

2 - 4 t

10 km

Gjendeosen

Natursti langs Gjende

1 - 2 t

2.1 km

Gjendehøe

2 - 2.5 t

1.3 km