Svartdalen Vandring

  • Fjella som kranser Svartdalen. Torfinnstindane til venstre. Store Knutsholstind til høgre for den.

    Fjella som kranser Svartdalen. Torfinnstindane til venstre. Store Knutsholstind til høgre for den. Foto: Dag Nordsveen

  • Lettgått gjennom Svartdalen.

    Lettgått gjennom Svartdalen. Foto: Tor Erik Grønolen

  • Foto: Silje Elisabeth Edvardsen

  • Gjendebu ein tidleg morgen.

    Gjendebu ein tidleg morgen. Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Jotunheimen
  • Sesong: juni–september
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 14 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 540 meter
  • Varighet: 5–6 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Svartdalen

Svartdalen er ein opplevelse du ikkje finn maken til. Du anar det allereie når du stig i land ved Torfinnsbu. Turisthytta ligg så vakkert til i det grøne og oppetter og inn i Torfinnsdalen er det graskledde bakkar med vakre sommerblomar som gjer deg lett til sinns. Inngangen til dalen i vest voktast av Torfinnstindane, som nesten verker truande der dei reiser seg bratt opp mot himmelsyn i blå-svart gabbro. Innover Torfinnsdalen slaker det ut. Det er lettgått. Etter kvart kjem du opp i steinmark som varer ved til forbi det fyste vatnet og dalen skifter navn til Svartdalen. På vegen gjennom går du forbi 16 toppar over 2000 meter. Øvst i dalmunninga mot Gjende er det flott utsyn ned mot grøne Gjende og turisthytta Gjendebu. Nedstigninga går her og der på sva, og ein må være forsiktig om fjellet er vått. I regnvær kan nok nokon oppleva nedstigningen som utfordrande. Vel nede er det ein behageleg vandring over deltaet og bort til turisthytta og båtkaia. Adkomst Rv 51 til Bygdin, kor du parkerer bilen. Båten på Bygdin er koordinert med returbåt på Gjende og buss vidare tilbake til Bygdin, om du vil gjere turen på ein og same dagen. Elles er det fint å overnatte på Gjendebu og ta andre turar når du fyst er her inne. Guide: gronolen@gronolen.no / 61 35 29 90

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Kvitskartinden
Vang

Vandring 7.8 km · 5 – 7 t

Besseggen Ridge
Jotunheimen

Vandring 13.1 km · 7 – 9 t

Torfinnstinden
Jotunheimen

Vandring 2.6 km · 5 – 6 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt