Vormeli

Jotunheimen

Vandring 4 - 6 t 10.5 km

Opplev frodige fremre Utladalen med ein rundtur til den gamle stølen Vormeli i Utladalen. Dette er ein eneståande fin og variert tur. Frå Skogadalsbøen følgjer ein skilt mot Vetti og Ingjerbu. Når ein kryssar brua over Uradøla går stien til høgre, kan være vanskeleg å sjå. Stien går så ganske bratt ned Bjørnestigen til elva Utla, dette området kan væra litt utfordrande. Frå botnen føljer ein Utla eit stykkje ut dalen før ein kjem til ei bru. Etter brua går stien til høgre og er lett å følje fram til Vormeli. Frå Vormeli går stien vidare opp dalen i lett terreng. Vel du denne ruta for å få ein fin rundtur, må du va Gjertvasselvi. Elva er stri ved stor vassføring, så høyr på Skogadalsbøen korleis forholda er. Rett etter kryssinga møter du stien frå Keisaren. Her tek du til høgre og føljer skilt tilbake til Skogadalsbøen.

Gjertvasselvi

Vormeli var truleg den mest avsidesliggande garden i heile landet. Her var fast busetnad fram til 1867 då den siste gardsbrukaren utvandra til Amerika. Sidan har det vore nytta som støl for Eide gard på Skjolden i Luster.

Kari Sveen

Likte du Vormeli? Finn opplevelser i nærheten.

Uradalsnosi

2 - 3 t

2.2 km

Fannaråken

4 - 6 t

10.2 km

Skogadalsbøen

Vettisfossen