Traneskrik på Øynadn Fuglekikking

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Lett
  • Distance 2.5 kilometer
  • Elevation 110 meter
  • Duration 2–2.5 timer

Legg i favoritter

Om Traneskrik på Øynadn

Øynadn er ei lita naturperle i Vang med eit rikt fugleliv. Verneområdet ligg sør i Vang kommune og grenser til Vestre Slidre og Hemsedal. Dette er eit typisk elvelandskap med vatn, raske og stille elvar, grunne tjern, loner, bekkar, sand- og grusøyrer, myr, sump og mudderbankar. Ein stor del av området er middels næringsrike myrer, rike vierkratt og middelsrik til rik fjellbjørkeskog. Det finst også ekstremrik og fattig vegetasjon.

Variasjonen i naturtypar og god tilgang på næring gir stort artsmangfald og høg tettleik av mange arter fuglar og planter. For fugl har området størst verdi som hekkeplass for vassfugl, trekkområde vår og haust, og matleitingsområde for arter som hekker i nærleiken. Totalt er 102 arter observert. Av desse er 59 arter registrert med hekking, mens 4 arter til trulig har hekka. For vassfugl fordeler dette seg på lom 1art, ender 8 artar, trane 1 art, vadefugl 8 artar, måker 2 artar og sporvefuglar 4 artar.

Er du heldig kan du både sjå og ikkje minst høyre den store Trana i vasskanten.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen