Eventyrleg barskog på Leine

Planteliv

Legg i Favoritter

Uri naturreservat ligg ved Leine, på nordsida av Vangsmjøsa, 485-685 moh. Målet med fredninga er å take vare på eit relativt lite påvirka barskogområde med skog- og vegetasjonstyper som er sjeldne i denne regionen.

Innenfor barskogreservatet er det fleire naturtyper: Rein furuskog, lauvskog, kalktørrenger i gjenngroing og blokkmark/ur (Kvitura). Jordsmonnet som inneholder mykje forvitra fyllittberg gir ein veldig tørr skogbunn. Furuskogen ligg eksponert for sol på ein markert sørvestvendt åsrygg. Skogen er kortvokst, relativt open. Flere steder er det spor etter skogbranner. Sjølv om trea bare blir omkring 13-15 m høge, er mange grove og kan bli opp mot 300 år gamle. Nedover i lia går den bærlyngdominerte furuskogen over mot kalkfuruskog med større innslag av næringskrevjande planter som dvergmispel, brudespore, liljekonvall, gjeldkarve, gulmaure, markjordbær. Nedanfor furuskogen er det nokre få mindre kalktørrenger med dragehode, bergmynte, bakkemynte, fagerknoppurt, hvitbergknapp og bergfrue. I lia vest for furuskogen er det frodig lauvskog som dekker noe under halve reservatet. Her veks grov storstammet osp og bjørk med innslag av hegg og gråor. I feltsjiktet finn du næringskrevjande høgstauder og urter.

Det er gjort noe plukkhogst i området og på ein mindre hogstflate i aust etter en skogbrann i mai 1982.

Karakterarter: Liljekonvall, dragehode, krattfiol, bergmynte, bakkemynte, olavsstake,
brudespore, dvergspett, fuglekonge, svartspett.

Mange fugleartar hekker her som spetter, troster, sangere, meiser, fluesnappere, finker: Totalt er det registrert 72 fugleartar. I reservatet er det godt med hjort. Elles finn ein rådyr, grevling, ekorn, hare, rev, mår og røyskatt. Av insekt er det registrert heile 437 arter.

Adkomst: Ta av frå E16 ved Hemsing bru i austenden av Vangsmjøsa, og køyr fv 293 til Vennis. Når du passerar Leineåne, er det ca 1 km til du får Uri naturreservat på høgre hand. Her ved vegen er reservatet ca 0,8 km breidt.

Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye

Likte du Eventyrleg barskog på Leine? Finn opplevelser i nærheten.

Vennis - Sandalen

2 - 3 t

6.4 km

«Hjortejakt» på Vennis

Kvernhusa på Vennis

Fuglane i Uri

1 - 2 t

2.6 km