Edellauvskog på Tøso Planteliv

  • Vanlig Villrips

    Vanlig Villrips Foto: Thor Østbye

  • Alm

    Alm Foto: Thor Østbye

  • Leddved

    Leddved Foto: Thor Østbye

  • Tystbast

    Tystbast Foto: Thor Østbye

  • Myske

    Myske Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Edellauvskog på Tøso

Edellauvskog i fjellbygda Vang. Eksotisk at trea som veks langs kysten har funne fotfeste i Vang. Kor i Vang kan vekstvilkåra vera så gode? Hassel med nøtter er blant trea du kan se i Tøso naturreservat. Spanande. Edellauvskog av alm og lind er uvanleg i det indre av Østlandet. Naturreservatet ligg sørvend og lunt og har eit godt lokalklima. Jordsmonnet er næringsrikt med den lett forvitrande fyllitten i grunnen. Dette gir særleg gode vekstvilkår for en rekke sjeldne og næringskrevjande planter og tre i reservatet. I tresjiktet finn vi alm, bjørk, osp, selje, rogn, hegg og hassel. I busksjiktet veks tysbast, dvergmispel, rips, leddved, kanelrose, bringebær og einer. Og i feltsjiktet er det planter som myske, springfrø, tyrihjelm, strutseveng, mjødurt, kantkonvall, kranskonvall, liljekonvall, lerkespore, brunrot, flekkmarihand og på tørrere plasser bl.a. bergfrue, rosenrot, lodnebregne, bitterbergknapp, bergmynte, piggstorr og skogvikke. Området har ikkje vore utsatt for menneskeleg inngrep, bare nokre få sauer beiter her. Stadige ras, innimellom store. Stein, blokkar og is fra høgereliggande fjell er med på forme dei øvre deler av reservatet der mykje skog blir lagt ned av ras. Reservatet er stedvis svært bratt med ein del grov, løs ur. Delar av den eldre skogen er tett og bratt, og gjer området vanskeleg tilgjengeleg. Reservatet kan vera risikofylt å ferdast i. Adkomst: Fra E16 i Øye i Vang i Valdres, tek du fv 293 på nordsida av Vangsmjøsa. Det er ca 4,5 km fram til Tøso naturreservat, som ligg ca 70 høydemeter høgare enn fylkesvegen. Tøso ligg mellom 540 og 650 moh.

Kart

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt