Plantetur i Helin plantepark

Planteliv 2 - 5 t 5.9 km

Verneområdet ligg i høgdesona mellom 869 -1582 moh med Helin som laveste punkt og Kruk som høgaste. Planteparken har ei stor spennvidde i forskjellige landskapstyper, og både berggrunn og terrengformasjonar er viktig for det spesielle plantelivet, og eit variert fugle- og dyreliv. Her finns frodig fjellbjørkeskog, idylliske stølsområde, myrer, vatn, variert heilandskap, artsrike fjellplatå, blokkmark og de særegne rasmarkene ned mot Helin, der det også er eit svært godt lokalklima.

Berggrunnen består av to hovedtyper, fyllitt og granittiske berg. Dei harde og tungt oppløselege granittiske bergartane fins mot søraust og gir ein artsfattig vegetasjon. Fyllitten dominerar i dei midtre, nordlige og nordaustlege områda. Bergarten forvitrer lett og gir gode vekstvilkår for plantane. Spesielt i rasmarkane mot sørvest, mellom Skolten og Kruk, er fyllitten særlig porøs, noe som gir heilt spesielle vokseplassar for urvalmua og grobunn for ei rekkje næringskrevjande arter. Det er til no registrert 285 planteartar i området. Foruten vanlege fjellplantar, fins også en rekkje sjeldne næringskrevjande arter og varmekjære lavlandsplantar. Nokre av desse er urvalmue, fjellmarinøkkel, fjellrapp, kranskonvall, trillingsiv, grønkurle, kvitkurle, issoleie, dvergsoleie, snøsoleie, fjellfiol, rosenrot, snøsøte, reinmjelt, reinrose, bergveronika og 10 forskjellige sildreartar.

Rasmarkane er ein bratt, ustabil og meget sårbar naturtype der plantane nærast veks rett opp av ura. Menneskeleg ferdsel i ura vil i dei fleste hølve kunne øydeleggje nokre av dei skjøre planteforekomstane der. Derfor må ein vise stor varsemd og følgje dei få tråkka etter sau som går gjennom rasmarka.

Dei store vekslingane i forskjellege naturtypar og høgdeforskjeller gjer også fuglelivet spesielt og interessant med 70 registrerte artar, de fleste hekkende. Av insekt er det til nå registrert 51 arter.

Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye

Likte du Plantetur i Helin plantepark? Finn opplevelser i nærheten.

Gilafjellet - Kruk

2 - 3 t

5.9 km

Padletur på Helin

2 - 4 t

12.3 km

Stigen hass knut

1 - 1.5 t

3.6 km

Grindatjednet

3.5 t

10.4 km