Synshødn Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 2.2 kilometer
  • Elevation 420 meter
  • Duration 0.5–1 timer

Legg i favoritter

Om Synshødn

Namnet Synshødn seier vel noko om kvaliteten på utsikta. Frå den sørre toppen, 1457 moh., ser du innover Bygdin, tindane i Jotunheimen og austover Vinsteren og Øystre-Slidrefjella. 

Turen startar frå Fagerstrand ved Bygdin der du kan parkere. Når du er på toppen kan du velje å gå nedatt same leia du kom opp, eller du kan gå videre nordvestover høgdedraget over Heimre Fagerdalshøe (1510 moh.), og over punkt 1474 moh. Det er som å vera på verdens tak med vidt utsyn i alle retningar, og her er lett å gå i teppe med rabbesiv, lav, mose og musøyra. Innimellom er parti med småstein og sva i eit terreng vekslande mellom flatt og småkupert. Tuer av fjellsmelle lyser opp over alt.

Turen vidare går på høgdedraget fram til søkket nordvest for Øystre Fagerdalstjedn, 1302 moh. Ved bekken inn til tjednet veks den sjeldne snøsoleia. Dårleg stig held fram i gras- og lyngmark nord for vatnet eit stykke oppe i bakkane for å unngå myrane. Vidare kan du fylgja åne ned til Rjupetjednet (1210 moh.) og stig sørover på vestsida av tjednet. Hald stigen vidare innunder Synshødn i skaret mot Lykkjenuten (1266 moh.), og snart kjem du på fin, forseggjort stig som du fylgjer ned mot skarp sving på riksvegen.

Det finst mange alternative både opp- og nedturar, sjå kartet. Terrenget er ope og oversiktleg så det er ikkje vanskeleg å finne si eiga lei, om det skulle vera ynskjeleg.

På Synshødn har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Synshødn kart