Galdeberg Vandring

  • Foto: Eirik Indergaard

  • Austover frå Galdeberg med Torfinnstinden til venstre.

    Austover frå Galdeberg med Torfinnstinden til venstre. Foto: Thor Østbye

  • Foto: Eirik Indergaard

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Ekspert
  • Lengde: 9.3 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 1,110 meter
  • Varighet: 5–7 timer

Om Galdeberg

Er du ute etter å nå ein topp på over 2000 meter, er dette ein av dei enkle både med omsyn til lengde og vanskegrad. Du fylgjer DNT-stig frå Eidsbugarden mot Gjendebu (sjå J10). Ta av frå stigen rett etter at brua over Høystakka er passert og gå vidare i austleg retning på sørsida av Uksedalshøe (1694 moh.). Her går du på gras-, lyng-, lav- og musøyremarker, og grønkurle, rosenrot, moselyng, svarttopp, bleikmyrklegg og mange andre blomar ”beriker din vandring”. Gå over åne Tolorma rett vest for lite tjedn, ca. 1490 moh. og fylg markert rygg med ur og berg fyrst søraustover så austover mot toppen, sjå etter tilfeldig varding. På toppen møter det deg flott utsikt over Bygdinområdet og mange av Jotunheimens ”tindar og tårn”. For å lette turen nedatt, kan ein frå ca. 1800 moh. fylgje snøfenner ned att i dalbotnen mot nordvest. Her kan ein og gå opp. På turen langs Bygdin kan du studere ein rik flora. Du finn t.d. frodige høgstaudeenger med vier, brudespore, turt, fjellkvann, skogstorkenebb, gullris, tyrihjelm, kvitsoleie, engsoleie, setergråurt, svarttopp, fjelltistel, kvitbladtistel, raud jonsokblom, kvitsoleie og vanleg marinøkkel.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Fondsbu - Olavsbu
Vang

Vandring 13.2 km · 6 – 8 t

Utsikten
Jotunheimen

Skitur 3.3 km · 2 – 2.5 t

Fondsbu - Gjendebu - Torfinnsbu
Vang

Vandring 29.6 km · 7 – 9 t

Uranostinden
Vang

Skitur 26.3 km · 5 – 8 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt