Galdane - Seltun Vandring

  • Foto: Sverre Hjørnevik

  • Foto: Jan Adriansen

  • Foto: Sverre Hjørnevik

Viktig informasjon

  • Destination Kongevegen over Filefjell
  • Season februar–november
  • Difficulty Medium
  • Distance 4.4 kilometer
  • Elevation 220 meter
  • Duration 2–4 timer

Legg i favoritter

Om Galdane - Seltun

Kongevegen gjennom Galdane er fullstappa med opplevingar. Den myteomspunne Olavsklemma, den majestetiske Laukebergbakken, den maleriske Soknefossen og den fasinerande husmannsplassen Galdane er fire døme på kva ein kan få med seg langs Kongevegen.

Strekninga vart fort rekna som den vanskelegaste og farlegaste delen av reisa over Filefjell. Dalen er trong med bratt og steinete terreng, og når det fraus til med is vart området svært skummel å passere. Verre blei det når isen slapp taket og snø- og steinsprang for ned fjellsidene.

Frå gamalt av gjekk ferdsla over Seltunåsen, på ridestien som i seinare tid har vorte kjend som Postvegen. Men då den Bergenske Kongeveg, den første køyrevegen mellom Aust– og Vestlandet, vart bygd i starten av 1790-åra, la dei vegen på andre sida av dalen, forbi husmannsplassen Galdane.

Kongevegen er bygd opp på fleire meter høge tørrmurer gjennom eit bratt og rasfarleg terreng på nordsida av Lærdalselvi. Noko som førde til at ein i åra 1837–43 la vegen tilbake til Seltunåsen. Den Bergenske Hovedvei, som vegen då vart kalla, fekk med sine opp til femten meter høge vegmurar ry på seg for å vere nok eit stort byggverk.

Då storflaumen i 1860 reiv med seg Steine Bru over Lærdalselvi vart Kongevegen på nordsida av dalen igjen nytta som hovudveg. Etter tre år fekk ein sprengt seg ny veg på sørsida av elva mellom Steine bru og Sjurhaugen, og i 1870-åra vart heile vegen over Seltunåsen flytta ned langs elva. Slik låg hovudvegen heilt til den 1630 meter lange Seltatunnelen opna i 2004.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Galdane - Seltun kart