Brekkudn - dei harde bakkane Vandring

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Medium
  • 1.4 kilometer
  • 110 meter
  • timer

Om Brekkudn - dei harde bakkane

I reiseskildringar frå 1800-talet er det fleire som skriv om dei lange og tunge bakkane mellom Skogstad og Nystøga. Særleg sleit hestane dersom vogna eller karjolen var tungt lasta. Tyngst var det å kome opp Brekkene, eller Brekkudn som er det lokale namnet på dei siste bakkane, nord for Tørisbrui og like opp til Otrøvatnet. Særleg siste bakken som i dag startar nedanfor E16 og krysser den og fortsetter 100 meter vidare, var lang, bratt og hard.

Ein reisande, engelskmannen John Murrey, skreiv i 1830-åra at hestane hadde ein eigen måte å kome seg opp; dei stod stille, så tok dei sats og byksa framover 10-15 meter, før dei stod stille att og samla seg.

Skodespelaren Lilla Buylovszky skriv i reisdagboka si frå 1864 at dei valde å gå til fots det meste av strekninga etter Skogstad. Det var både ukomfortabelt å sitte i vogna i dei bratte bakkane-, og også vondt å sjå kor slitne og andpustne hestane vart. Buylovszky fortel at mulane deira var heilt dekte av skum.

Ei anna historie fortel om dei to velståande damene som ein vinter vart dregne på slede opp bakkane til Nystøga. Dei sat godt innpakka i kåper, skinnfellar og teppe, og kunne knapt røre på seg. I dei bratte bakkane fall eine dama ut av sleden då den gjorde eit kast i sporet. Men det var først då følgjet kom til Nystøga at skysskaren vart klar over at det mangla «eit kolli Fruentimmer». Dei fann henne att i dei bratte bakkane, heil og uskadd, men svært oppskaka av hendinga.

På Brekkestølen (kalla Grihamarstølen i dag), som ligg midtvegs i Brekkene, kunne dei reisande tidlegare få seg ein matbete og kjøpe mjølk og andre forfriskingar.