Vabakko Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Lett
  • Distance 3 kilometer
  • Elevation 40 meter
  • Duration 0.2–1 timer

Legg i favoritter

Om Vabakko

Dette må kunne kallast ein lokalhistorisk tur sidan han fører fram til ein gamal buplass i ville øydemarka. Historia om folka som budde der les du i «Turhandbok Vang i Valdres» av Sigfred Hovda og Thor Østbye.

For å koma åt Vabakko, må du køyre opp frå Vang hovudsokn i retning Helin og Smådalen.

Midtvegs på sørsida av Helin, ca. 3 km frå Grøvstølen, tek det ein veg til høgre mot Smådale. Her er bom nr. 2 og info-tavle over stigane i området. Vegen går så oppover Brattsetegge, med etter kvart snaufjell og fin utsikt. I venstresvingen nesten på toppen, kan det vera fint å ta ein stopp for å sjå ned på Helin og over på Gilafjellet med høgste toppen som har fått namnet Kruk. Litt nede i fjellsida ser du ei kvit stripe i berget. Det er ”Prestgeitadn”, (geitene til presten) som visstnok har skørsett seg, for dei har stått der i uminnelege tider

På toppen av Smådalsfjelle opnar utsikta seg mot mektige fjell. I nordvest ragar den flotte Rankonøse. Rett fram, i sørvest, ligg den 1900 m høge Ranastønge, og mellom dei ligg Hestebøtten. Der inne, innanfor tjednet, hadde dei visstnok i gamal tid hestehamn. Rett sør for deg har du no den lange Smådalen, med Smådøla blinkande i botnen. Litt i vestleg retning, ned for den nørdste stølsgrenda, men også i dalen søraustover vil du sjå langsgåande sandrygger , eskerar. Desse vart danna under issmeltinga etter siste istid, no verna som Smådaladn naturreservat. Vegen går vidare gjennom stølsgrendene Midt-Smådalen, Sørre Smådalen, og Nørre Storlie der prestegarden hadde stølen sin. Etter ein liten km til kjem du til vegkrysset der du kan gjera eit val. Vil du spandere ein halvtime på å sjå Hulabaksteinen, tek du vegen til venstre til Sørre Storlien. Parker bilen på grassletta ca. 100 m før stølane, og fylg merkinga ned til steinen.

Ynskjer du å få ei flott utsikt over Øynadn naturreservat, utover Grunke i aust og innover Hydalen i vest, kan du gå stigen frå Sørre Storlien mot Grunke ca. 1 km. Ta av stigen mot sør til Larsgardsberga, 1065 moh.

Vel attende i krysset køyrer du no nedover til stølen Øynadn. I området sør og vest for stølen ligg Øynadn naturreservat, eit freda våtmarksområde der flyttfuglar skal ha det fredeleg og godt. Mellom stølen Øynadn og Grunke i V. Slidre er det merka sykkelstig. Det er eit fint tilbod for den som vil ha seg ein rundtur på sykkel i Vang og Slidre.

Men det var vel åt Vabakko me skulle? Då parkerer du bilen på Øyno og fylgjer den merka leia vidare. Nokre myrar passerer me i starten, så ta gjerne på støvlar. Du må også over Smådøla i eit vad, dvs. ein plass der du kan vasse over. Men her kan det ofte vera stor vassføring, så kan hende må du vasse til over knea. Langs vestre elvekant veks ei og anna søterot, ei sjeldan plante i Vang, med eit heller misvisande namn, då rota er alt anna enn søt. Vel over åne, går du inn i ein fuktig og frodig fjellbjørkeskog og etter kvart kjem du til ein lysning i bjørkeskogen der steinmurar og ”far etter folk” viser seg fram, ja, då er du komen åt Vabakko. Du set deg no på ein høveleg stein og les det som står om folka i Vabakko i boka «Turhandbok Vang i Valdres»

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Vabakko kart