Stølsveg Tumleøygarde - Tveitastølen Vandring

  • Ein fallen kjempe som gir næring til mosen.

    Ein fallen kjempe som gir næring til mosen. Foto: Thor Østbye

  • Hjorten trivast her.

    Hjorten trivast her. Foto: Thor Østbye

  • Spor av folk.

    Spor av folk. Foto: Thor Østbye

  • Jerpa finn en langs bekkedrag i kjerr og lauskog.

    Jerpa finn en langs bekkedrag i kjerr og lauskog. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.5 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 410 meter
  • Varighet: 0.5–1 timer

Om Stølsveg Tumleøygarde - Tveitastølen

Dette er ein fin tur for den som vil ha ein kort og interessant tur til støls. Turen startar på rasteplassen ved Tumleøydgare. Her står ein gamal rodestein. Dette er eit minne frå den tida gardbrukarane hadde ansvaret for vedlikehald av vegen, som var delt inn i ”roder”. Steinen her fortel om roda til garden Hagen. Herfrå fylgjer du godt merka stig som startar ved info-tavla og går oppover dalsøkket. Denne vegen vart brukt som kløv- og krøterveg frå eldgamal tid. Det er ikkje få tonn ost og smør som er frakta ned på hesteryggen gjennom tidene. Vegen vart vinterstid brukt til køyring av stølsforet, som var ”snadder” for krøtera, særleg for småkrøter som sau og geit. Stølsforet lukta spesielt godt. Det veit den som har overnatta i ei velfylt forløe. Tveitagardadn hadde frå gamalt tre stølar. Denne stigen endar på langstølen, som er den einaste av stølane som er i bruk i dag. Langs vegen finn du mange skilt som fortel om aktivitetar i gamal tid, og er du heldig, kan du treffe storfugl, jerpe og den sosiale og nysgjerrige lavskrika her i barskogen. Ikkje langt frå Tveitastølen kryssar me den gamle ferdselsåra som blir kalla Liavegen. Det var vegen som vart mykje brukt i gamal tid av salt- og fiskekjøparar som skulle til Lærdal. Ved å reisa her og bak Hugakølle og ned i Vangssøkne slapp dei plunder med ferjing i Leirholssunde. Denne vegen er rydda og merka herfrå og til Hugastølen. Når du kjem opp i den arbeidde stølsvegen, ca. 150 m aust for stort fjøs, bør du rusle litt vidare austover stølsvollen Tveitastølen så langt vegen går og forbi gamle sel. Fint kulturlandskap og nydeleg utsikt mot Slettefjellet, Hensfjellet, Jotunheimen og nedover Slidre. Når det gjeld vegen vidare, har du mykje å velja mellom. Du kan gå same stigen attende. Eller du kan ta deg ein lengre rundtur. Då går du stølsvegen nordvestover (1,1 km) til Tørpestølen/Røgnstølen. Litt før du kjem til skiltet der, kan du gå oppå haugen mellom Røgnstølen og ei hytte like nordafor. Der vil du på ei steinblokk med to jernstolpar finne mange skålgroper. Nå kan du fortsetja på merka stig ved Røgnstølen, skilt til ”Langehage/Hugastølen”. Då går du sørover, med gjerde på høgre sida, svingar vestover, framleis med gjerdet på høgre sida. Denne stigen går til badeplassen Sandadn i Alun (ca. 30 min.). Derfrå på merka stig nedover til stølsvegen ved brue nedafor Hugastøle, ca. 10 min å gå. Har du ikkje gått den før omtala Liavegen, kan du gå over brua og 100 meter forbi parkeringsplassen. Der finn du skilt som viser ”Liavegen”. Den kan du gå til du kjem inn på gamle stølsvegen frå Tumleøygarde som fører deg attende til utgangspunktet på Tumleøydgarde.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Laglim & Føsseberget
Vang

Terrengsykling 5.7 km · 0.5 – 1.5 t

Norsvinsfjorden
Vang

Sykling 5.4 km · 0.5 – 1.5 t

Kongevegen Høre - Åsvang
Valdres

Vandring 4.5 km · 2.5 – 3 t

Øylo - Hugastølen - Liavegen
Vang

Vandring 10.1 km · 1 – 1.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt