Stølsvegen Kvam - Hugastølen Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 11.7 kilometer
  • Elevation 830 meter
  • Duration 2–3 timer

Legg i favoritter

Om Stølsvegen Kvam - Hugastølen

Dette er, som namnet seier, stølsvegen til garden Kvam. Du kjem til utgangspunktet ved å gå gamle Kongevegen, anten frå Neset til Kvam, eller frå Syndrol. Du kan også gå opp frå Kvam. Det er nok stuttaste vegen.

Kjem du Kongevegen frå Neset forserer du den lange bratte bakken og går ca 0,5 km vidare til skilt ”Hugastølen”. Kjem du frå Syndrol kan du anten gå opp til høgre (traktorveg) rett ovafor garden Gamle Kvam, (skilt ”Hugastølen/Hugakøllen”), eller du kan gå Kongevegen ca. 600 m lengre til du kjem til Stølsbakken, der du tek til høgre. Herfrå er stølsvegen merka oppover med kvite klossar. Etter ca. 300 m kjem du inn på traktorvegen frå ”Gamle Kvam”, fylg skilting. Vegen er delvis lagt ”oppå” gamle stølsvegen. Etter eit lite stykke med stigning deler vegen seg. Du tek den til høgre som går oppover Steindalen. Når du er nesten på toppen, like før traktorvegen endar, tek du til venstre og kjem inn på den gamle stølsvegen att. Denne snor seg oppover fjellbjørkeskogen, og om ikkje lenge er du ved Smalastølen, der det står ei liti bu. Tufter etter stølen som var der, vil du finne på ein delvis attgrodd stølsvoll. På to flate steinar nokre meter aust for stigen og rett overfor bua, er det minst 9 skålgroper.

Stigen går vidare i siksak oppover frodige bjørkelier, flatar etter kvart ut, og snart er du på toppen der stigen til Hugakøllen tar av. Skulle lysta på ein ”topptur” koma over deg her, kan du gjera turen unna på ein times tid og endå ha tid til å nyte den fantastiske utsikta på Hugakølle.

Men stigen mot stølen går rett fram til du frå ein bakkekam ser rett ned på gamle Kvamsstølen.

Her har du mange alternativ til tur vidare: Du kan gå same vegen attende. Eller du kan gå stølsvegen ned til Øylo. Ein skikkeleg rundtur kan det bli om du fylgjer Ala opp til Langehage og går Syndisvegen nedatt til Vang og går Kongevegen frå Syndrol og attende til Neset. Eit godt råd som gjer denne turen noko stuttare: Ca. 50 m før det fyrste bustadhuset du kjem til nede i bygda, tek det av ein veg til høgre som etter 2-300 m kjem inn på Kongevegen som fører til Neset.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Stølsvegen Kvam - Hugastølen kart