Til Høgd'n

Vandring 2.5 - 4 t 5.1 km

Legg i Favoritter

Turen på Leirholshøgde er spanande, bratt og full av historie. Når du kjem ut or bilen og ser oppover bratte berga, vil du kanskje lure på om du er komen til feil plass. Om det ser både håplaust og farleg ut, kan eg forsikre om at det er framkomeleg og ganske ufarleg. Til høgre for deg høyrer og ser du åne som kastar seg utover brattberget. Ho har fått det velklingande namnet Drøsja. Til venstre for deg, i den lange, loddrette veggen, ser du Langåne. Ho kjem frå Knappetjednet.

Stigen oppover er den gamle stølsvegen som kvinnfolka, helst ungjentene, på Leirholsgardo ”sprang” oppover om kvelden og nedatt om morgonen, ofte med mjølkespann i hand eller vass-sele. Stølane på Høgden var vår- og hauststølar, og jentene ”gjekk imyljo”, dvs. at dei gjekk opp i kveldinga, mjølka og overnatta i selet. Brenntidleg neste morgon var det ny mjølking, lokke ”kjydn” på beite og så kravle seg nedover bergskortene for å koma ned på garden i høveleg tid for å vera med i arbeidet om dagen. Eit hardt liv, og kanskje hadde jenta attpåtil hatt friar om natta! For det var vanleg, helst i helgene, at unggutane rusla til støls og gjorde seg til for jentene, for å oppnå eitt eller anna. Mang ei god avtale vart nok gjort der i sengehalmen, skulle eg tru.

Medan du sit og filosoferer og nyt utsikta ved Kvilestein', kjem du kanskje til å lure på korleis dei fekk krøter opp og ned desse kleivene. Då kan eg fortelja at dei tok nok svingen om Remmisåsen med bølingen. Men sau og geit kunne sikkert klare denne beinvegen. Langs stigen er det den næringsrike bergarten fyllitt som gjev eit rikt jordsmon, så her veks ei mengd flotte blomster.

Stigen når «Høgd’n» ved Leirholstølen. Ein flott plass for niste med storslagen utsikt utover Vang. Herfra tek du vestover og fylgjer merka stig mot Knappetjednet (1008 moh.) og Vennis. Litt før tjednet deler stigen seg i ei indre lei som går langs sørsida av tjednet, og ei ytre lei som med ein liten avstikkar går ut på Knappen (1000 moh.) der utsikta er fantastisk! Dette forblåste utsiktspunktet er ei oppleving. Kjem du der i september, kan heile platået vera illraudt av rypebær.

Frå Knappetjedn går det nedover og nedover og nedover. Eit stykke nede i bakkane kjem du til tuftene etter Øvrestølen, som var langstølen til Sparstad før garden fekk stølsrett på Sandale. Det er eit artig landskap her ved Øvrestølen. Det er skålgroper på to plassar, så her har det ferdast folk lenge. Den eine plassen er på utstikkande berg like ved stigen, etter å ha passert opning i muren mot aust. Den andre omlag 50 m nedafor stølsjordet langs stigen (skilt).

Eit stykke lenger nede kjem me til den nedste av stølane, som har det flotte namnet Rysseflat. Stølen var i bruk til i 1936. No er det berre tufta og stølsjordet som er synleg. Like nedanfor Rysseflat går det merka stig inn til Berdalen. Dette er ein liten avstikkar som kjem innatt på houvedstigen, som er den gamle stølsvegen, litt lenger ned. I Berdale finst det tufter, men dei er vanskelege å finne. Det er og restar etter ein gamal veg, like før me kjem innatt på den gamle stølsvegen.

Når du har gått gjennom gjerdeklyvet, tek du av frå stølsvegen. Der svingar den merka stigen til venstre (søraustover).

Etter lang vandring, kan det vera godt å ta ein kvil ved Bordet hass Knut, ein lun, triveleg plass med flott utsikt utover Vang hovudsokn. I fyrste bakken nedafor ligg mange rydningsrøysa fint oppstabla. Nede ved fylkesvegen ligg Hardstein`, ei kjempestor flyttblokk som ligg i strandkanten. På denne veks fleire sjeldne lavartar som elfenbeinslav og stiftskjærgardslav og plantar som fjellarve og smånøkkel. 200 m lenger vest finn du Sparstadsanden. Her er det sett opp fire steinar ”Fjøresteinadn på Vennisstrønden”, som minne om eit basketak i gamal tid.

Adkomst
Kjem du frå aust over Remmisåsen, køyrer du 300 meter bortanfor skiltet til Riddarstøg, til Leirholshøgde. Du parkerer ca. 200 m lenger vest, i eit grustak. (Totalt 3,4 km frå krysset på Remmisåse.)

Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye
Thor Østbye

Likte du Til Høgd'n? Finn opplevelser i nærheten.

Riddarstøga på Leirhol

Gamle Kvam gard

Stølsvegen Kvam - Hugastølen

2 - 3 t

11.7 km

Kongevegen neset - Kvam - Syndrol

1 - 1.5 t

9.1 km