Postvegen Høre - Kviismoen Vandring

  • Postvegen ligg fint mellom ranke furuar.

    Postvegen ligg fint mellom ranke furuar. Foto: Thor Østbye

  • Linnea.

    Linnea. Foto: Thor Østbye

  • Noko å oppleva for heile familien.

    Noko å oppleva for heile familien. Foto: Thor Østbye

  • Flaggspett.

    Flaggspett. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april-november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.5 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 180 meter
  • Varighet: 1-1.5 timer

Om Postvegen Høre - Kviismoen

Denne vegen er ein del av den vegen hørisbygdingane måtte gå for å hente posten den tida posthuset låg på Kviismoe, der som Kvismo Sag ligg no. Parker ved bensinstasjon i Ryføss og gå vegen oppover mot Høre 500 m til fyrste sving. Der tek du inn på gangvegen ved skilt som viser til ”Riddarberg” og fylgjer den 500 m til skilt ”Postvegen” inn til venstre. Du går i lett terreng gjennom gran- og furuskog. Her kan du oppleva barskogsfuglar, mellom anna hønehauk, svartspett, flaggspett, lavskrike, toppmeis, svartmeis, og fleire trosteartar. Stigen går gradvis over i ein traktorveg. Post- og kræmarvegen tek etter kvart brått av frå traktorvegen til høgre (nordvestover) og går ned ein bakke til Kviismo. I staden for å gå ned til Kviismoen, kan du fylgja traktorvegen vidare sørover, ikkje merka, og du kjem ned på E-16 ca. 10 m nedafor skilt til ”Fossevang Gjestegård”. Fylg så E-16 ca. 800 m attende til bensinstasjonen.

Kart

Questions or comments? Let us know.

Laster du ned appen Outtt kan du lagre alle favorittopplevelsene dine med turkart, bilder og beskrivelser klart for offline bruk.

Se flere populære opplevelser

Tour de Høre

Vang

Terrengsykling
Middels
16.1 km · 1.5 – 2.5 t

Riddarberg

Vang

Vandring
Middels
1.6 km · 0.5 – 1 t

Høre - Stølsbakke

Vang

Vandring
Middels
21.5 km · 3.5 – 4 t

Riddarberget

Valdres

Kulturminner
Middels
1 km · 1 – 1.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt