Høre - Stølsbakke Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 21.5 kilometer
  • Elevation 1,060 meter
  • Duration 3.5–4 timer

Legg i favoritter

Om Høre - Stølsbakke

Frå Høre fylgjer du Kvålsgøta (krøtervegen til Kvål) oppover. Nyt utsikta over Hørisbygde, og sjå godt på det rike plantelivet. Gøta flatar ut langs Kleivajordet, bratt jorde med løe i kanten og mykje brisk, og du kjem etter kvart inn på traktorveg ved gjerdeklyv. Fylg traktorvegen gjennom ei grind, og etter ca. 200 m gjer vegen ein sving mot høgre. Her ved Gjertrudsstølen, den er heilt borte no, kan du anten ta ”Beinvegen” (sjå skilt) til venstre, eller fylgja stølsvegen, bufarvegen, som er ein dårleg traktorveg, vidare mot høgre. Denne snor seg opp gjennom granskog fram til bilveg ved Leitestølen. Fylg vegen nordover til krysset. Her kjem bilveg austfrå, frå Sølvsmia. ”Beinvegen” er brattare og går ganske rett oppover granliene mot Bergseng. Dette var den raskaste leia som folk nytta mellom bygda og heimstølane. I barskogen kan du sjå nøtteskrike, lavskrike, toppmeis og trostar, og går du stille får du kanskje sjå både elg og hjort, og kanskje skremmer du opp tiur eller røy. Der det er våtlendt, veks det noko gråor, og der kan ei og anna jerpe halde til.

Går du ”Beinvegen” vil ei tuft snart dukke opp i tette granskogen. Dette er Gråtarhaugen, tidlegare vår- og hauststøl. Så passerer du ein støl med bratte stølsjorder, Oppi Bakko (Vevlestølen). Snart slakar terrenget ut, du kryssar ein arbeidd veg frå Leitestølen, og snart er du inne på den gamle stølsvegen ved skilt ”Beinvegen”. Du fylgjer den gamle stølsvegen nokre hundre meter nordover til du kjem inn på bilveg ved Høla (støl rett aust for vegen). Fylg bilvegen fram til krysset mot Sølvsmia. Her tek du vegen til venstre nordvestover mot stølslaget Bergseng og Vøvlisstøladn. Etter ca. 100 m tek stigen av oppover mot Vøvlisstøladn, kjem inn på bilveg att og fylgjer den opp til øvste stølshuset. Der går stølstigen vidare langs austsida av gjerdet, fyrst som ei gøte med interessant fjellflora, så som stig som fører oppover mot snaufjellet der du finn den kvite utgåva av den elles så blå bakkesøta. Oppå fjellet vil du finne to vardar som er litt spesielle. Det er mura eit holrom med opning søraustover. Kanskje for at folk kan sitja der og få ly for kald nordavind? Ein av dei står i stigkrysset Slettefjellet-Kubakkstølen. Det ein veit er at folk la stein på vardane når dei passerte. Dette blir kalla eit ”varp” som tyder å kaste, og handlinga hadde overtruisk symbolikk. (Varp blir også kalla ”kast” eller ”kasterøys”.) Langs stølsvegen her var det nok for å gje lukke både til folk og buskap på turen over fjellet.

Vidare går stigen i svakt hallande terreng i retning Høvdestølen, der siste stølssommaren var 1960. Stigen vår tek av til høgre austover ved bekk litt før Høvdestølen. Men kvifor ikkje ta svingen bortom den trivelege stølen der stølsjordene lyser mot deg med gule teppe av engsoleie. Går du bort til stølshuset som ligg nærast bergklanten mot aust, og fylgjer ein liten stig frå selet rett opp på klanten, (Høvdeberget 981,5 moh og Rundehaugen) får du mellom anna fin utsikt mot Øyangen og Beitostølområdet.

Når du kjem attende dit du tok av bort til Høvdestølen, fylgjer du stigen nedover i 15 - 20 min i småbregne-fjellbjørkeskog til Stølsbakke og bilveg.

Parker ved Høre skule. Frå skulen går du søraustover ca. 200 m til info-tavle på øvre sida av vegen der Kvålsgøta tek til. På andre sida av vegen der ligg ein stor gravhaug. Vil du ha ein kortare tur, kan du starte ved Bergseng. Då køyrer du vegen over Eggjiåsen og tek av ved Sølvsmia mot Bergseng. Parker i krysset sør for Bergseng (Vøvlisstølen). Fylg merkinga vidare nordover langs vegen mot stølane.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Høre - Stølsbakke kart