Slettefjellet - Kubakkstølen

Vandring 2 - 3 t 14.3 km

Legg i Favoritter

Dette er ein fin familietur som går i lett terreng. Frå parkeringsplassen går du søraustover, forbi varden på Tjednhaug (1316 moh). Ved ein bergklant, ca. 50 m vest for varden, ligg restane etter ei steinbu. Denne hytta har vorti kalla Arnfinnshytta, og det skal ha vore tjuvefanten Arnfinn i Bakka som overnatta her når han var på sine tokter i fjellet. Sjå meir om han under B6. Vidare fylgjer du varda lei over toppane søraustover. Etter nesten 4 kilometers vandring, kryssar du stigen Øydgardsstølen - Kjøsaraudalen. I stigkrysset er det skilt som viser stigar i alle aktuelle retningar. Vidare er det fin stig i svakt hallande terreng, ca. 1,5 km, til neste stigkryss (Høre-Stølsbakke). Der er det også skilt. Turen vidare tek om lag ½ t. (litt over 1½ km) og går framleis i svakt hallande terreng til Kubakkstølen. Dette er ein flott tur med utsyn i alle retningar. Det er rikt fugleliv her med mange særeigne fjellfuglar som t.d. myrsnipe, blåstrupe, ringtrost, lappsporv, fjellrype, lirype og heilo. Der bergarten fyllittt stikk opp gjennom morenedekket, er det rik vegetasjon.

Thor Østbye
Thor Østbye
Dag Nordsveen
Dag Nordsveen

Likte du Slettefjellet - Kubakkstølen ? Finn opplevelser i nærheten.

Øygardsstølen - Kjøsaraudalen

2 - 3 t

15.9 km

Rauhødn

1.5 - 2 t

4.9 km

Stølsvegen over Slettefjellet

1.5 - 2 t

4.4 km

Plantejakt i Sputrefossens gjel

0.5 t

0.5 km