Uranostinden Vandring

  • Foto: Hallgrim Rogn

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season juni–september
  • Difficulty Ekspert
  • Distance 9.4 kilometer
  • Elevation 1,040 meter
  • Duration 8–10 timer

Legg i favoritter

Om Uranostinden

Dette er ein fantastisk tur med ein eventyrleg utsikt til alle kantar av fjellheimen. Ikkje minst vestover til Hurrungane. Dei siste 30 metra fram til varden er svært luftig, men det er ein strålende tur om du ikke går dei.

Du kan starte turen frå Eidsbugarden eller Tyinholmen, men mange velgjer nok å take bil inn Koldedalen fram til bommen. Herfrå følgjer du merka turstig til Uradalsvatnet. Du vader elva og går mot nordaust, på vestsida av tjedn 1461 moh og opp på topp 1582 moh. Her er det fint å  kvile. Legg merke til den raudbrune bergarten her. Det er den sjeldne bergarten ultrabasitt, som er særprega for geologien i Jotunheimen. Elles er den vanlige bergarten her pyroksengranulitt, som for det meste består av feltspat og pyroksen.

Etter pust i bakken, går du ned til bretunga. Du tek nå fatt på brevandringa. Her er det heilt nødvendig å gå i taulag med brekyndig førar. Du holder til høgre for midten av breen og setter kurs mot Uraknatten og svinger inn i sadelen mellom Uranostinden og Slingsbytinden. Vel inne på berget, kan du gå ut av taulaget. Herfrå går du rett sørover opp nordryggen av ”Uranos”, i snø eller ur til du kjem opp på den skarpe egga som du må gå påfor å nå varden på sørsida av toppen.

Det er same leia nedatt om du ikkje vil ha med deg fleire 2000 meterstopper når du fyrst er her? Den næraste er Slingsbytinden, med lett og luftig klyving opp.

Åtkomst: Køyr Fv 252 til Tyinholmen. Ta til venstre inn Koldedalen ved hotellet og følg den smale anleggsvegen til bom.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Uranostinden kart