Tyinstølen - Slettningsbu Vandring

  • Jakt - og fiskebu, langs stigen Tyinstølen - Slettningsbu.

    Jakt - og fiskebu, langs stigen Tyinstølen - Slettningsbu. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.6 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 370 meter
  • Varighet: 1.5–2.5 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Tyinstølen - Slettningsbu

Utgangspunkt, den private turiststaden Tyinstølen (1090 moh.) langs Rv. 53 på vestsida av Tyin.

Turen startar rett over vegen for turiststaden Tyinstølen (skilta til ”Slettningsbu”), der det er parkeringsplass. Her var det tidlegare felæger. Stigen går i rask stigning frå 1100 til 1310 moh. sør for Tyinstølnøsen (1386 moh.) Nyt utsikta over Tyinområdet, fjellområda vestover og fjella nedover mot Vang. Gå gjerne ein avstikkar  opp på utsiktspunktet Tyinstølnøse.   

Fram mot Sletningsbu går stigen i småkupert terreng med fleire idylliske småvatn og med det store Nerre Årdalsvatnet (1248 moh.) som du passerer på nordsida. Opp for andre vatnet, ca. 100 m frå stigen, ligg ei nyrestaurert jakt- og fiskebu godt kamuflert inntil ei steinrøys innunder eit berg. Her og der er stigen noko svak der den snor seg gjennom mose-, musøyro-, lyng-, gras- og turre lavheier. Frå Slettningsbu går det fine DNT-turar mot Torolmen, Kyrkjistølen og Sletterust (sjå H14 og H15). (Sjå elles ”Til fots serien” av DNT.)

Ved Slettningsbu har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

«1000-meteren» på sykkelsetet
Vang

Sykling 17.4 km · 2.5 – 4 t

Tyinstølsnøse
Vang

Skitur 1.3 km · 1 – 1.5 t

Tyinstølsnøse
Valdres

Vandring 1.8 km · 2 – 2.5 t

Slettningsbu
Vang

Skitur 5.8 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt