Kyrkjistølen - Torolmen Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 15.4 kilometer
  • Elevation 540 meter
  • Duration 4–5 timer

Legg i favoritter

Om Kyrkjistølen - Torolmen

Startpunktet er Kyrkjistølen/St.Tomaskyrkja ved E-16 på Filefjell. (Kulturminne ved Kyrkjistølen sjå H5.)

Frå stølen passerer du steinselet på sørsida, går over bekken på bru og fylgjer T- merka stig oppover på vestsida av bekken. Når du passerer austsida av Kyrkjinøse (1308 moh.) i Kyrkjiskare på ca. 1180 moh. er det ein liten bergnabb med lav og lyng ca. 70 m aust for stigen. I nordkanten av nabben ligg ei gamal tuft på 7 x 4,5 m. Omlag 200 m nordvest for denne (160 m aust for T-stigen), ligg ei endå tydelegare og større tuft på 8,5 x 4,7 m. Historia til desse tuftene, og alderen, er enno ukjent. Forbi den sistnemnde tufta går ein stig opp til utlaupet av Slettningen (1228 moh). Her ligg ei attfylt reinsgrav med ledegjerde om lag 30 m rett aust for utlaupet. Ein stor bautastein er reist midt i grava.

Men attende til T-stigen. Etter passering av Kyrkjinøse flatar terrenget ut med eit vidt utsyn utover vatnet Slettningen og landskapet rundt. Rett sør for bekken mellom Slettningen og Grønevatnet, i vestenden av Slettningen, tek T-merka stig av vestover mot Sletterust. Men stigen vår går vidare nordaustover. Steingå åne, så går stigen opp ei stigning langs Slettningen med stadig flottare utsikt. Fylg merkinga, for stigen i gras- og lyngmarka er sume stader svak, medan tydelege sauestigar kryssar ut og inn av T- løypa. Terrenget langs vestsida av Austrefjordtjedne (1344-1353 moh.) er noko flatare. Noko grov ur må passerast i kanten på tjedna. I nordvestenden på fyrste vatnet du kjem til, ligg ei delvis samanrasa reinsgrav med ledegjerde ca. 150 m ned mot trongt sund. I siste vika du passerer, ligg ei fin sandstrand, så her kan du ta ein avkjølande dukkert før siste oppstigninga på øvre del av Slettningsegge på ca. 1420 moh. (Toppen ligg på 1524 moh.) Ta gjerne ein pust på stigens høgste punkt og nyt utsikta i alle retningar. Vegetasjonen er fattig her oppe, men bregnene hestespreng og fjellburkne fungerer som pyntegrønt i urene her. Dårleg stig i noko ur ned til øystre enden av Øvre Årdalsvatnet (1313 moh.), der det ligg ei reinsgrav ved sida av stigen. Fylg stigen vidare langs stranda og over lavheier til Slettningsbu, ei sjølvbetjent turisthytte, som vart opna i 1975. Herfrå går det T-stig austover til Tyinstølen.

Litt nord for Slettningsbu, i nordenden av Årdalsvatnet, tek T-merka stig av vestover til stigen som går til Sletterust, litt over 3,5 km å gå (sjå H15). (Gangtid mellom Slettningsbu og Sletterust er 2 til 3 timar.) Frå Slettningsbu og Årdalsvatnet går stigen stort sett i hallande terreng ned til Torolmen (1050 - 1047) moh.). Like før riksvegen står det skilt til ”Slettningsbu” og ”Fondsbu”, og vil du mot Breikvam, Tyinhølmin og Fondsbu (tur J6) så kryss Rv. 53 og fylg anten denne eller gamal veg på nordsida og parallelt med riksvegen ca. 900 m austover til skilt som viser til ”Tyinholmen” og ”Fondsbu”. For dei som vil andre vegen er det skilta til ”Slettningsbu”.

Ynskjer du å gå motsett lei med start frå Torolmen, må du passe på å koma inn på rett stig gjennom hyttefeltet etter at brua over Tya er passert.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Kyrkjistølen - Torolmen kart