Rundtur Øye - Rødalen - Øye

Vandring 3 - 5 t 4.3 km

Legg i Favoritter

Dette er ein lett tur innover ein fin og triveleg stølsdal med mange historiske og naturhistoriske opplevingar å ta med seg på vegen.

Du parkerer bilen på Øyebakka, ved stavkyrkja. Starten på denne turen går oppover vegen til nye kyrkja. Gå forbi kyrkjeporten og oppover langs bekken til ei klopp som fører deg trygt over og inn i ei fin gøte med gamle murar på sidene. Den gamle stølsvegen er fint rydda. Ein liten avstikkar frå vegen rett ovafor ein bekkedal, Djupedal, fører deg til eit utsiktspunkt der du kan beundre den flotte og mektige Eltunsføssen. Så tilbake til stigen.

Når du er komen ”opp på føssen”, flatar dalen ut, og stigen snor seg i lett lende innover. Etter kvart kjem du til ein støl, Øygardsstølen. Der går den merka stigen rundt stølsjordet på oversida. Her kjem du inn på delvis opparbeidd stølsveg fram til brua som går over Rødøla ved stølen Øynadn. No fylgjer du stølsvegen til du møter vegen som går innover Rødalen (skilta med ”Postvegen”). Ta til høgre nedover til du i venstre vegkant ser ein kvit merkekloss. Du tar av her og fylgjer den gamle postvegen nedover. Litt før du kjem til skiltet som viser til Verssteinen, kjem du innatt på den arbeidde vegen. Det går tydeleg stig opp til denne merkelege steinen som ligg ca. hundre meter ovafor vegen. Etter omlag 40 m på venstre side av stigen opp til steinen, ligg restar etter ei løe, 8 m ovafor ligg ei tydeleg kølgrop på same sida, og 6-7m framfor inngangen på steinen ligg ei gamal tomt. Du vil oppdage at inne i Verssteinen er det eit stort rom der fleire kan få plass. Men dette er nok ein ypparleg plass for sauen i regn og styggever, så om du får lyst til å krype inn, noko du absolutt bør gjera, må du ikkje vera redd den turre sauelorten som dekkjer ”golvet”. Så må du ta deg tid til å klyve opp på steinen for å studere dei 22 skålgropene som finst der. Det er sjeldan å finne så mange groper samla på ein plass.

Når du kjem attende til den arbeidde stølsvegen, går du ikkje inn på den, men fylgjer skilt og merking som viser kvar den gamle postvegen mellom Øye og Gamlestøga/Lærdal går vidare nedover bakkane mot Øye.

Når du kjem så langt at du ser huset på Skytebanen, vil du ca. ti meter inne i skogen til venstre sjå ein todelt, mosegrodd stein. Ta svingen innom (skilt ”Gravplass/Skålgroper 10 m”). Oppe på den største steinen finn du skålgroper, og like inntil steinane finn du ei gamal gravrøys. Her ligg det kanskje ein høvding, for det var berre betydningsfulle personar som vart gravlagde på skikkeleg vis i utgamal tid.

No går du ikkje ned framfor standplassen på skytebanen, men går vegen i motsett lei nokre meter til du ser merkestikke i venstre vegkant. Ta så nedover den vesle bekkedalen bak skyttarhuset, og på austsida av dette viser eit skilt til ”Laramsbu” som er ei tuft (tomt etter hus) som ligg nokre meter ovafor. Etter fagfolks utsagn skal dette vera ”urimeleg” gamalt. Laram skal vera eit ”forhistorisk” mannsnamn. Mykje tyder på at det har budd folk her langt attende i tida, for nedover frå skytebanen ligg ni gravrøyser (og på oversida av skyttarbanen to). Siste etappe går nedover Brattebakke. Snart er du nede ved jorda på Sørre Kjerstein. Ved gjerdet bøyer stigen av mot høgre, og etter å ha passert eit steinut dalsøkk kjem du bort i den arbeidde stølsvegen og fylgjer den nedover. Når du nærmar deg grinda og bomkassa, kastar du eit blikk til venstre, på den kvasse haugen du ser på andre sida av det arbeidde jordet. Oppå den haugen skal det i førkristen tid ha stått eit gudehov (ei hørg, som dei gamle i Vang sa). Ein hellelagd stig viste nede i dalsøkket til langt inn på 1900-talet. Kanskje det var tilkomsten til gudehovet?

Når du er nede på riksvegen, er det ikkje lang stubben bort til bilen på Øyebakka.

ALTERNATIV TUR ØYE - RØDALEN - ØYE
Gangtid: 2½ - 4 t. Turen er merka.
Dette er ein kortare tur som går på vest- og nordsida av Rødøla. Det går nemleg tre interessante stigar innover Rødalen. På denne turen får du med deg den tredje, den som ikkje er omtala i den lengste rundturen.

Du startar turen ved å gå stølsvegen mot Rødalen, skilta ”Rødalen/Skytebanen” frå E-16, opp til grinda og bomkassa. Her går gamle stølsvegen i ei gøte rett oppover, men me fylgjer arbeidd veg opp til fyrste tverre høgresving. Her går me rett fram, inn på eit stykke grasgrodd skogsveg, men like etter er du oppe på kanten og har det mektige bulderet frå Eltunsføssen like ved sida di. Nyt synet og føssebulderet, men gå ikkje for langt utpå skråberg og steinar. Litt innpå flata må du gjera eit lite val. Vil du heilt innunder føssen, fylg den grasgrodde vegen langs åne fram til føssejuvet som er eit mektig syn og ei oppleving. Avstikkaren dit tek ikkje mange minutta, og kan tilrådast. Så går du attende til der du tok av, og går vidare på gamle stølsvegen. Nokre meter oppe har du flott utsikt mot føssen. Så kjem du inn på den arbeidde vegen og fylgjer den ca. ti meter før du tek av til venstre og oppover skogen ved merkestikke. Det same gjentek seg litt lenger oppe. Der må du også inn på vegen nokre meter. Vidare snor stigen seg i jamn stigning og triveleg terreng. Eit stykke oppi viser skilt til ein stor stein som har fått namnet Rødalsuksin og endå litt lenger oppe viser skilt til den interessante plassen som folk har funne på å kalle Brønin. Dette er berre ein liten avstikkar og fører fram til eit flott utsiktspunkt. Ei røys på toppen av Brønin kan vera ei gamal gravrøys. Når du nærmar deg stølane, ”buttar” du i gjerde mot arbeidd mark. Men stigen fylgjer langs gjerdet oppover til du kjem opp i den arbeidde vegen. Herfrå og resten av turen fylgjer du rettleiinga til fyrste turen som fører deg både til Verssteinen og nedatt til Øye, anten langs den gamle postvegen eller stølsstig på sørsida av Rødøla.

Likte du Rundtur Øye - Rødalen - Øye ? Finn opplevelser i nærheten.

Øye stavkyrkje

Øye-Tyinkrysset

3.5 - 5 t

12.3 km

Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje