Gilafjellet - Kruk Vandring

  • Blålyngen lyser opp innimellom grasmark mot Kruk.

    Blålyngen lyser opp innimellom grasmark mot Kruk. Foto: Thor Østbye

  • I mai-juni står reinrosa i full flor.

    I mai-juni står reinrosa i full flor. Foto: Thor Østbye

  • På veg ned att mot Helin. Grindadn til venstre.

    På veg ned att mot Helin. Grindadn til venstre. Foto: Thor Østbye

  • På veg ned att mot Helin. Grindadn til høgre.

    På veg ned att mot Helin. Grindadn til høgre. Foto: Dag Nordsveen

  • Fjellrype.

    Fjellrype. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni-november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 5.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 720 meter
  • Varighet: 2-3 timer

Om Gilafjellet - Kruk

Tur i Helin plantepark.

Køyr stølsvegen frå Vang mot Helin. Ved fyrste vegkryss etter høgste punkt på åsen tek du til venstre. Der viser skilt til ”Helestrønd” og ”Tangadn”. Køyr ca. 400 m og parker der stølsvegen til ”Øvre Vassendin”  tek oppover mot venstre. Fylg skilt ”Gilafjellet” og merking, ca 700 m, langs stølsvegen vidare opp til dei øvste stølane. Vidare går turen på merka gamal stølsstig som går over fjellet til Syndin. Me går gjennom frodig bjørkeskog, der m.a. vårblomsten fjellpestrot veks, og midt opp i skogen passerer du ei slette, Bleikefeten. Stigen held fram i slak stigning til du er på snaufjellet. Nokre meter før høgste punktet (1180 moh.) tek ”leia vår”, (ikkje stig lenger), av mot sør. Me fylgjer varding sørover i jamn stigning til om lag 300 m nord for Skølten (1511 moh.). Her i ei høgde av 1460 moh., på ein stor stein, sluttar vardinga. Rett før denne varden kan ein i fyrste del av juli sjå den sjeldne snøsoleia. Gå vidare mellom Skølten og Geiteknappen (1545 moh.). Leia går over fine, nesten flate, ”grassletter” av lyng, lav, størr, siv og gras. Fyllittbergartane her gjev mange plassar frodig vegetasjon. Er ein heldig, kan ein óg sjå fleire typiske høgfjellsfuglar, som snøsporv, bergirisk, heilo, ringtrost og fjellrype. Og iblant sleng det eitt og anna reinsdyr.

Etter å ha passert rundingen der Svørsbøtten kjem opp frå Helestrønd, endrar naturen brått karakter. Her tek ”grasslettene” slutt, og du møter eit landskap med mykje ur som går tvers over fjellet og sørover. Dette blokkmarkområdet består av granittbergartar som er omlag 1700 millionar år gamle, medan dei øvste meterane av Kruk, Nonskampen og andre toppar sørover består av gabbrobergartar med ein alder på omlag 1250 mill. år. Dette er næringsfattige bergartar, og vegetasjonen her ber preg av det.

I staden for å gå strakaste vegen opp på Kruk, bør du fyrst gå til oppstikkande nabb 1560 moh., rett nord for punkt 1557 moh., som gjev ei praktfull utsikt over Svørsbøtten og Helinområdet. Men før du kjem dit, passerer du eit ”strype”, ei innsnevring mellom stupet mot Svørsbøtten og Kruk på austsida. Denne innsnevringa er ein ypparleg plass for eit fangstanlegg, og det har gamlekarane skjønt og utnytta, for ”strypet” er stengt med ledegjerde (bægji) og to dyregraver. I skråningane mot Kruk ligg ei ”steinbu” og fleire bøgahi, 12 i alt, der dei med bogane sine ”plukka ned” den reinen som kom seg forbi gravene.

Utsikta frå Kruk er det ingen ting å seia på, men for å få  utsikt mot Syndinområdet, bør du ta svingen bortom Nonskampen (1510 moh).

Alternative turar til Gilafjellet (Syndisfjellet)
1. Midtre Syndin. Frå Pyttingen køyr langs Midtre Syndin, til stølar sør for Gilastøladn der åne som renn gjennom Hågensgil kjem ned. Fin stig på nordsida av åne som går nesten til topps inn i terrengsøkket mellom Nonskampen og Geiteknappen. Mykje interessant botanikk å studere på turen, mellom anna snøsoleia som veks under Nonskampen.

2. Frå Strø og gå heile den lett bølgande ryggen av Gilafjellet er ein flott tur med framifrå utsyn. Du startar på fin stig (umerka) opp frå stølane i Strø, forbi Skardtjedn opp til utsiktspunktet på Nøsakampen (1449 moh). Vidare på steinmark nordvestover, over Tangefjellet og til toppen av Gilafjellet. Rett forbi toppen, på ca 1450 moh overtar grasbakkane som gir ein nydeleg avslutning nedover mot Helins vestende.

På Kruk har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Laster du ned appen Outtt kan du lagre alle favorittopplevelsene dine med turkart, bilder og beskrivelser klart for offline bruk.

Se flere populære opplevelser

Gilafjellet / Kruk

Valdres

Vandring 5.7 km · 5.5 – 6 t

Kruk trail ride

 

Terrengsykling 8.4 km · 3 – 5 t

Padletur på Syndin

Valdres

Padling 11.3 km · 24 t

Stølsvegen Helin - Smådalen

Vang

Vandring 8.1 km · 2.5 – 3.5 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt