3-dagers hundesledetur Hundekjøring

  • Foto: Beito Husky Tours

Viktig informasjon

  • Destination Jotunheimen
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 57.8 kilometer
  • Elevation 680 meter
  • Duration 58–60 timer

Legg i favoritter

Om 3-dagers hundesledetur

Frå vår base i Beito når vi snøgt urørt natur og kan glede oss til 3 dagar i lite brukt terreng i grenseland mellom Jotunheimen og Hulderheimen. Vi beveger oss gjennom eit fantastisk flott vinterlandskap. Allereie fyrste dagen vil du oppleve storheten når vi krysser Vinstrevatnet. Overnatting i hytter. Fyrst forar vi hundane, så er det vår tur. Korleis vi behandler og tar vare på hundane er ein viktig lærdom for ein sledeførar.

Etter Vinstrevatn skal vi over Valdresflye, og får ein gløtt inn i vinterkledde tindar i Jotunheimen før vi dreier austover og inn vakre Heimdalen. Returen gjennom Døradalen er ein sjeldan og fin oppleving utanfor allfarveg.

Adkomst
Oppmøtet er hos Beito Husky Tours i Beitovegen 330

Booking: info@beitohuskytours.com / +47 91 70 54 97

Dag 1
Fredag morgon møtes vi i Husky-campen til ein gjennomgang av turen. Utstyr skal sjekkast, både personleg og fellesutstyr må kontrollerast før vi pakker. Etter ein liten køyretur er vi igang. Fyrst ein kort etappe i snøskuterløyper, før vi er for oss sjølve og setter eigne spor. Etter ei stund når vi Vinstrevatnet som vi krysser. Vi dreier vestover langs nordbredda til vi når Grønolstølen, kor vi blir natta over. Alle tar aktiv del i dei daglege oppgåvene kor mat og stell av hundane er fyrste post. Deretter oppvarming av hytta og delta i matlaginga (middag).

Dag 2
Vi startar dagen med ein solid frokost for hundar og folk. På plass i sledane svinger vi nordover og det blir ein lang stigning til toppen av Valdresflye, 1400 moh. Her oppe kan det vera friskt, men utsikten og landskapet er storslått med utsyn til Gjende og tindane i Jotunheimen. Vi fortset over toppunktet og eit stykke nedover før vi dreier austover inn i Heimdalen, som ligg meir beskytta for vær og vind. Vi køyrer på til Nedre Heimdalsvatnet og Nybue, som er vår overnattingsplass.

Dag 3
Dag 3 har den lengste køyringa. Etter en tidleg frokost er vi i gang mens dagslyset vinner fram. Det blir ein roleg start, før vi svinger sørover inn Døradalen kor vi får ein 100 meters stigning innen det flater ut. Etter kvart faller terrenget ned mot Vinstrevassdraget og den markerte toppen, Keisaren, reiser seg i all sin prakt foran oss. Vi dreier vestom den på vegen til Beitostølen, kor vi blir plukka opp og fraktet i bil tilbake til campen vår i Beito.

Overnattingen vil skje i telt om vær eller snøforholda blir for krevjande til at vi har nok fremdrift.

Opsjon
Du vil ha stor glede av å legge inn ein ekstra natt i vår Husky Villmarkscamp dagen før turen for å bli meir kjent med huskiane. Kanskje du blir med på vår 1/2 dags tur med hundeslede i nærområdet, som vil være ein nyttig introduksjon til å styre eige hundespann. Ønsker du å bo meir komfortabelt, kan vi ordne overnatting i eit sjarmerande hotell i nærleiken eller på ein støl.

Etter den 3 dagers lange hundesledeturen kan vi ordne overnatting om du vil lære området enda betre å kjenne. Blant mange aktivitetar er Beitostølen kjent for sine flotte langrennspor med trasear nedi skogen og over tregrensa. Og slalombakken ligg sentralt om du ønsker å kombinere skikjøring med gode mat.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

3-dagers hundesledetur kart