Seltunåsen og Galdane (rundtur)

Vandring 3.5 - 4.5 t 8.6 km

Legg i Favoritter

Rundturen over Seltunåsen med retur kongevegen gjennom Galdane, er blant dei finaste turar du kan gå. Traseen til kongevegen som stod ferdig i 1794 følgjer terrenget opp og ned, mens vegen over Seltunåsen som er ca 50 år nyare, har ein heilt anna linjeføring kor høge murar over slukter og forsenkningar gir ein mykje meir lettgått veg. Flott grasbevokst vegbane. Her opplever du 4 generasjonar vegar med E16 i tunnell som den siste. Husmannsplassen Galdane ligg langs leia, og betre plass å nyte matpakka på er vanskeleg å finne. Ved Sjurhaugfossen er det eit imponerande og spektaktulært system av trapper og vegar ned til elva for laksefiskaren. I fossen ser du mange store og fine gjettegryter. Dette er rundturen med de store opplevingane.

Vegen over Seltunåsen
«Han murede for meget og minerede for lidet". Den Bergenske Hovudvei over Seltåsen i Lærdal vart bygd i åra kring 1845 av kaptein Henrik Christian Finne (1797-1870). Vegen avløyste den gamle Kongevegen gjennom Galdane frå slutten av 1700-talet.

Heile 300 mann var i sving med den nye vegen, og framleis finn ein mange spor etter dei i området – også utanom sjølve vegen. Mellom anna er det ei rekkje oppmurte steinar og hellarar kor dei har budd medan vegarbeidet føregjekk. Om ein tek vegen opp til Steinsåsen kjem ein til staden der teltleiren for mange av arbeidarane låg.

Kaptein Finne vart i ettertid kritisert for å ha brukt for mykje murarbeid og for lite sprengstoff på vegen.

Eit imponerande parti av vegen finn vi over kløfta i Gravdalen. Her er den mektige vegmuren, bygd for hand i naturstein, over 15 meter høg! For dei som er spesielt eventyrlystne kan ein gå til botnen av vegmuren i Gravdalen. Der er det laga ein kanal tvers gjennom muren – truleg for å lette arbeidet undervegs - som framleis er mogleg å kome seg gjennom.

Vegen over Seltåsen er perfekt å gå som del av ein rundtur kombinert med Kongevegen gjennom Galdane. Turen er 9 km lang. Berekn 4 timar inklusiv matpause.

Adkomst
Ein kan starte fleire stader. Anten ved Seltun, ved Koren eller ved Sjurhaugen.

På turen treff du på informasjonsskilt og stedsnavnskilt. Noen er beskrivande andre vekker nysgjerrigheit:

-Bresebakken
-Kårlolagytta
-Seltåsgaldane
-Steineåsen
-Smidhedleren
-Olavsklemma
-Gjerdegaldane
-Kalduri
-Selgelslettgrovi
-Glorhedleren
-Laukeberg
-Sokni
-Vetlasokni
-Husmannsplassen Galdane
-Tjørehellberget
-Hammarløbakken
-Kassebakken
-Røysskreda
-Skjeglehølberget
-Ekorngalden
-Raude Skreda
-Drageset

Lista over er slik du møter navna om du går fra Koren over Seltunåsen og tilbake gjennom Galdane til Seltun gard.

Dag Nordsveen
Sverre Hjørnevik
Samuel Taipale
Samuel Taipale

Likte du Seltunåsen og Galdane (rundtur)? Finn opplevelser i nærheten.

Galdane

2 - 4 t

4.4 km

Husmannsplassen Galdane

Borgund stavkyrkje

Borgund

1 - 2.5 t

4.2 km