Stølsvegen over Slettefjellet Vandring

  • I det du når toppen på Slettefjellet dukkar Bitihødn opp.

    I det du når toppen på Slettefjellet dukkar Bitihødn opp. Foto: Thor Østbye

  • Rein beiter på Slettefjellet. Store Knutsholstind i bakgrunnen.

    Rein beiter på Slettefjellet. Store Knutsholstind i bakgrunnen. Foto: Thor Østbye

  • Utsyn mot Grindan og Vang hovedsokn.

    Utsyn mot Grindan og Vang hovedsokn. Foto: Thor Østbye

  • Vel oppe på Slettefjell kan du gli bortetter i jomfrueleg snø og sette eigne spor.

    Vel oppe på Slettefjell kan du gli bortetter i jomfrueleg snø og sette eigne spor. Foto: Dag Nordsveen

  • Romjulstur langs Slettefjellet. Bitihødn bakanfor.

    Romjulstur langs Slettefjellet. Bitihødn bakanfor. Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 4.4 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 440 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Stølsvegen over Slettefjellet

Dagens veg over Slettefjellet går i strak line på skrå oppover mot toppen, men den gamle var nok både meir krokut og meir interessant. Har du lyst til å gå denne gamle kløvjavegen, må du ta av til venstre frå Slettefjellvegen eit stykke ovafor bommen på Vangssida. Skilt viser til Herredalen etter 1,5 km. Du køyrer ein km til du finn skilt i vegkanten på høgre sida der det står ”Gamle stølsvegen over Slettefjell”. Stigen går i fyrstninga langs ein lang sandrygg før han skrår oppover fjellsida. For å koma i "historisk stemning" kan du for eksempel prøve å sjå for deg nokre av alle dei spreke og fine budeiene som gjennom hundreåra har lokka bøling i dette tråkket. Eller kanskje du ser for deg rekkjer av kløvhestar som kvar laurdag vigga med kløv etter piperøykande gubbar som stunda etter å koma på stølen til kjæring og ungar. Brenntidlege måndagsmorgonar er dei same på tur heimatt med teinene fulle av ost og smør, og kanskje ein kagge med surbrim (tyrstedrikke av innkokt surmyse) så slåttefolket heime skulle ha grautevæte utover veka. Oppi Kinno, som er oppi ”himmelsyn” sett frå bygda, brukte ferdafolket å ta ein kvil ved oppkoma med iskaldt vatn, som ligg i eit fint teppe med lysegrøn mose (Grøne møsin). Det synest me du og burde gjera. Finn deg ein høveleg kvilestein og nyt så utsikta, som me aldri har fått nokor klage på. No er du ferdig med tyngste delen av turen, og du vandrar vidare og kjem til ein varde med det snodige namnet ”Ivar i Ur’n”. No flatar stigen ut, og snart er du på toppen. Men går du eit lite stykke til, kjem du til ein stor, firkanta varde med det flotte namnet ”Kongen” (med trykk på fyrste staving). Det seiest at det var Gamle-Lars Heen (1840-1928) som mura denne varden for å halda varmen og ikkje frysa i hel då han kom ut i illver seinhaustes. Men herfrå og vidare er stigen utydeleg og mindre spennande, så gå heller merka lei mot søraust ned til parkeringsplassen, der du kanskje har ein bil ståande? Har du god tid på siste strekket, kan du leite etter ei ørlita soleie, dvergsoleie, som veks på fuktige stader langs stigen. Planta har små gule kronblad, blir 3-5 cm høg, er giftig og kan vekse opp til 2230 moh. Skulle du ynskja deg ein lettare tur, er motsett lei, med start på Slettefjellet absolutt å anbefale. Frå parkeringsplassen går du nordvestover til litt forbi høgspentlina. Der vil du finne ”Kongen” litt opp til høgre, og merking som viser gamle kløvjavegen, og du har ein lett og triveleg tur framfor deg med praktfull utsikt ned mot Vang og Vangsmjøsen, omkransa av mektige fjell som Grindadn, Rankonøse og Gilafjellet bak Nørre Syndin.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Slettefjellet - Kubakkstølen
Vang

Vandring 14.3 km · 2 – 3 t

Øygardsstølen - Kjøsaraudalen
Vang

Vandring 15.9 km · 2 – 3 t

Rauhødn
Vang

Vandring 4.9 km · 1.5 – 2 t

Plantejakt i Sputrefossens gjel
Vang

Planteliv 0.5 km · 0.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt