Riddarberg Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 1.6 kilometer
  • Elevation 100 meter
  • Duration 0.5–1 timer

Legg i favoritter

Om Riddarberg

Riddarberg er rester etter ein bygdeborg. Den ligg rett sør for den eldgamle ferdselsvegen gjennom Valdres
mellom Lomen og Høre stavkyrkje. Gro O. Kyvik skriv at slike borgar vert sett på som delar av eit større forsvarssystem til å vern om bygda, og som festningspunkt eller vaktpostar langs ferdselsvegar. Bruken av bygdeborgane tidfester ein ofte til den urolege folkevandringstida  4-600 e. Kr. Men, dateringar av andre bygdeborger viser at dei har vore i bruk tidlegare, og i urolige perioder i vinkingtida.

Eit er sikkert, Riddarberg er verd eit besøk. Frå parkeringa ved Høre samfunnshus, går du 100 m austover langs fv 293, før du dreier nitti grader og går nedover gangvegen mot Ryfoss. Du vandrar mellom garder og jorder med flotte utsyn, til dømes vestover bygda og stavkyrkja ved Kvien-gardane. Etter jordene kjem du inn i skogen. Vegen fortsett nedover og plutseleg ser du ein markant høgd reise seg loddrett foran deg. Ikkje vanskeleg å skjøna at det ikkje var lett å ta deg som hadde forskansa seg der. Du krysser Vesleåne og begynner oppstiginga. Etter kort tid kjem du til Stallane, ein godt skjult hylle oppi berget kor sagnet seier at festningsfolket gjømde hestane sine. Det stig bratt vidare og snart ser du eit trigonometrisk punkt i toppen av eit tårn. Ei hytte utan veggar for matpakka dukker opp. Vi går vidare bortetter høgda og snart støyter vi på murrestar, og innafor informasjonstavla som fortel om Riddarberget. Murane finn du på kanten mot vest og sør. Mot nord trengdest det ingen mur, for her er det bratte fjellveggen. Det finst ein tilkomst som blir kalla Løyndegangen, rett opp berget på nordsida, men den er så kronglut og vanskeleg å koma gjennom, at den var nok ikkje hovudinngangen til borga. Men er du ute etter det som er litt spennande og rart, og vil krype Løyndegangen, kan du gå gjennom Stalladn og ca. 100 meter langs bergveggen til du ser ei kløft der det går an å koma opp. Du må under og innom ei steinblokk og elles krype forsiktig langs bergveggen oppover. Dersom du vil gå Løyndegangen opp, og gå kortaste vegen dit, kan du ta til høgre med ein gong du har passert kloppa over Vesleåne og gå på skrå vestover og oppover i ulendt terreng mot Løyndegangen, men leia er ikkje merka. Så kan du beundre Stalladn på nedtur dersom du fylgjer den merka ruta.

Adkomst: Fra Fagernes kjører du E16 vestover mot Lærdal til Ryfoss i Vang kommune. Her tar du av og følger fv 293 mot Høre samfunnshus og skole. Parker på venstre side av veien.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Riddarberg kart