Øygardsstølen - Kjøsaraudalen Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 15.9 kilometer
  • Elevation 780 meter
  • Duration 2–3 timer

Legg i favoritter

Om Øygardsstølen - Kjøsaraudalen

Ta av frå Slettefjellvegen ved skilt til Øydgardsstølen, ca. 2 km opp for Slettefjellbommen. Køyr forbi ei rekke med heimstølar og så langt vegen går, 4,1 km. Etter å ha studert info-tavle, tek du fatt på turen, fylgjer merking i godt opptråkka stig. Etter eit par hundre meter går du over ei gamal stølstomt som har tilhørt garden Øvre Røgn, som no er borte. Langs fleire av bekkesiga finn du i juli den flotte planta kongsspir. Etter kvart kjem du opp på ein liten kolle, Sjødalshøvda, med fin utsikt over Sjødaladn. Namnet skal koma av at dalen er veldig stor og vid med kupert terreng som skal likne på ein turrlagd sjø. Trur du det har noko for seg? Litt før du kjem inn på stølsvegen frå Kjørlien, passerer du tomtene etter Tyristølen. Her skal det i gamal tid ha vore feit, fin furuskog som inneheldt mykje tyri. Det måtte dei ha for å kunne brenne tjøre. Og tyrispik i supen (lyspeisen) brann lenge i mørke vinterkveldar når husets folk krulla seg omkring peisen med sine gjeremål. Stølsvegen, som kallast Dalavegen, går vidare, brei og fin, slakt oppover mot snaufjellet. Her, som fleire andre plassar, kallast fjellkammen opp i himmelsyn ”i Kinno”, eller ”uppi Kinno”. Like før du er på toppen, vil du sjå ein langsgåande fjellskrent. Denne skrenten kallast egge. Når du kjem opp på egge, går stigen meir i nordleg retning, og terrenget blir slakare. Etter eit par hundre meter er du ved ”Kvilestein'”, ei stor flyttblokk frå istida. Etter endå nokre hundre meter er du ved stigkryss (Slettefjellet - Kubakkstølen). Skilt.

Vidare går stigen nordover i flatt og fint fjellterreng, etter kvart svakt hallande ned mot toppen av skiheisen. Like før skiheisen passerer du Kjeltjednet, der ein koparkjel full med pengar skal vera søkt ned. På toppen av skiheisen ligg Liksteinadn. Gå den vestre slalåmtraséen ned til stølane og vegen, og herfrå er det ca. 350 m til krysset mot Beito.

Liksteinadn.
Heilt til i 1882 høyrde Lykkjegardadn til Vang kommune og sokna til Høre kyrkje. I kyrkjun finst det enno eit endestykke av benk påmåla Lykken. Som me skjønar var dette ein umenneskeleg lang kyrkjeveg. Det går ei historie om ein lykkjegarding som i god tid var komen fram til kyrkja og sat oppi overlaupet (galleriet) og åt nista si. Så var han så uheldig at ei brødskive tippa over kanten og datt ned på kyrkjigolvet. Gubben kika over kanten og skulle ha kome med fylgjande kraftsalve: ”Det va f… så vel, smørsida ned”!

Det gjekk endå an å koma seg til kyrkje om vegen var lang dersom ein ikkje hadde noko å bera på. Verre var det når ein stakkar skulle gravleggjast. Då måtte det til kraftige karar til å bera. Dei brukte to dagar på turen. Den fyrste dagen kom dei til Liksteinadn og sette att den døde der, venteleg var han lagd i kiste. Dagen etter kom karane att, og turen gjekk vidare til Høre. Desse steinane, som var ganske spesielle, vart kalla Liksteinadn. Det er berre så synd at då traséen til skiheisen skulle planerast, vart deler av dette liksteinanlegget øydelagt, men det står att såpass at ein veit kvar det var.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Øygardsstølen - Kjøsaraudalen kart