Tomaskyrkja på Filefjell Kulturminner

  • Foto: Tine Eikehaug

Viktig informasjon

Legg i favoritter

Om Tomaskyrkja på Filefjell

Den opprinnelege Tomaskyrkja var ei stavkyrkje som stod på Fillefjell. Den tilsynelatande likskapen mellom Tomaskyrkja, Høre og Borgund stavkyrkje gjev grunn til å datere kyrkja til omkring 1200. Kirka sin status i middelaldaren er usikker, men den kan ha fungert som ei soknekyrkje for folk som har dreve med jernutvinning i Smeddalen.

Stavkyrkja ble reve i 1808. Ei ny kyrkje ble innvidd i 1971 rett ved.

Svake spor av tufta etter stavkyrkja kan sjåast ca. 20 m vest for den noverande kyrkja, ikkje langt frå Kongevegen av 1793. På den gamle kyrkjetufta står ein stein med innskrifta "Her stod Tomas kirken Nedrevet 1808".

Då kyrkja vart bygd var det ei rik kulturell blomstringstid i landet. Klimaet var så godt at fjellviddene var skogvokst, og dermed kunne det vera grunnlag for fastbuande på Filefjell. Namnet Smeddalen kan tyde på at det har levd eit folkeferd her som ved sida av jakt og fiske livnærde seg med utvinning av myrmalm og med å smi våpen og reiskapar som dei selde. Så er det mykje som tyder på at Svartedauden midt på 1300-talet sette ein brutal stoppar for dette grendesamfunnet. Kyrkja vart seinare venteleg berre nytta av farande folk som trengde hus og vern mot naturkreftene. Slik gjekk hundreåra til Vangs-prestar på 1600-talet ivra for å setja kyrkja i stand så det kunne haldast gudsteneste der ein gong i året. Etter som tida gjekk, utvikla dette seg meir og meir til å bli ein marknadsplass, der folk frå Valdres, Sogn, Hallingdal og Gudbrandsdalen møttest, sume for å drikke og slåst, sume for å finne seg ektemake, sume for å kapp-ri og byte hestar, og nokre få kom kanskje for å høyre Guds ord, får me tru. For Vangs-presten møtte trufast opp, heldt si preike og såg mellom fingrane med all synd og umoral, for presten hadde ei fast inntekt av å ”betjene” Tomaskyrkja. Det var slik at kyrkja etter kvart fekk ord på seg for å ha helbredande kraft dersom ein møtte opp ved kyrkja og hadde gåver med. Av desse gåvene ”draup” det rikeleg på presten. Så det fekk våge seg om ”mang ein hest vart sprengt, mang ei møy krenkt og mang ein sprek kar dengt”, og ”mang en piges jomfrudom fik sin jordeferd” som slidrepresten Hermann Ruge skreiv.

Men geistlege utanom Vang meinte kyrkja måtte ”nedbrydes” for å få slutt på styggedomen. Ei kjæring i Øye kunne ikkje forstå at Vår Herre kunne tillate så mykje stygt.

Resultatet vart at kyrkja vart riven i 1808. Den seinare ”Basen” på Nystøgun som då var 4 år, vart av far sin lyfta opp i ringetauet. ”Du skal vera den siste som ringjer klokkene i St. Tomas”.

Men folket sørgde over kyrkja, og folkemusikarane laga ”Tomasklokkelåttar”. Utpå 1900-talet kom arbeidet i gang med å samle kapital til ei ny kyrkje, og i 1971 vart den nye kyrkja innvigd. Då var dei vidgjetne St.Tomasklokkene atter på plass, og den 10 år gamle Sigrid Nystuen, tipp-tipp-oldebarnet til ”Basen”, var den fyrste som etter 163 år atter sende klokke-omen utover Filefjell.

Adkomst: Kyrkja ligg langs E16 på Filefjell ved Kyrkjestølen.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen