Skakadalen - Sulebu Vandring

  • Landskapsformer i Skakadale.

    Landskapsformer i Skakadale. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 13.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 490 meter
  • Varighet: 4–5 timer

Om Skakadalen - Sulebu

Ta av frå E-16 ved Vang Auto-Service, skilt «Skakadalen», og køyr forbi Stelegardadn, betal bompengar, og køyr så vidare innover den idylliske Skakadalen, forbi gamle, diverre nedlagte, stølar, til vegen sluttar ved Soleistølen.

Frå Soleistøle går stigen på vestsida av myrane Munin, så opp ei bratt stigning til ca. 1300 moh. Vidare nordvestover går stigen i nesten flatt terreng heilt fram til Sulebu. Er du glad i fjellfuglen heilo, vil den glede deg heile vegen med sine vemodige plystretonar. Små og store tamreinflokkar som har sitt sommarbeite her, vil du også kunne møte.

Mellom Muneflæno og Varhøvdtinden er stigen fleire plassar utydeleg, så ver litt oppmerksom i dårleg ver. I godt ver, nyt for all del den fine utsikta innover Filefjell og Jotunheimen. Ved utløpet av Nerre Jeissin (på M 711 kartet nerre Geitskinn), må du vasse eller steingå åne. På vestsida av Varhøvdtinden går det stig ned til Tyinkrysset. Er det godver, ta gjerne ein halvtimes avstikkar opp på Varhøvdtinden, 1456 moh.

Vidare går stigen rett vestover Varhøvdflænadn i lett lende til turisthytta Sulebu.

Herfrå kan ein gå ned til bilveg ved Gamlestøga, Nystøga eller Kyrkjistølen.

På Varhovdtinden har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Sulebu - Breistølen
Vang

Vandring 19.3 km · 7 – 9 t

Sulefjellet
Vang

Vandring 5.9 km · 2.5 – 4 t

Sulebu - Kljåen
Vang

Vandring 17.1 km · 5 – 6 t

Suletinden
Vang

Skitur 7.9 km · 4 – 6 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt