Sulefjellet Vandring

  • På Sulefjellet.

    På Sulefjellet. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Krevende
  • Lengde: 5.9 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 550 meter
  • Varighet: 2.5–4 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Sulefjellet

Me vel turen frå Gamlestøgun. Ta av frå E-16 mot ”Tyin-Filefjell Skisenter” og ”Gamlestøga”. Køyr bomveg til vegs ende, 2,6 km. Parker langs vegen før innkøyring til stølsområdet. Fylg stig og merking på nordsida av stølsgjerdet mot Sulebu. Frå Sulebu fylgjer du T-merka stig mot Breistølen til Suleskaret (1500 moh.). Rett før lite tjedn vest for topp 1528 moh går stigen nesten oppi noko som må vera ei dyregrav inntil ein berghamar. Nokre meter før stigen går bratt ned til Suleskartjednet (1442 moh.), går du til venstre (søraust) i terrengsøkk. Fylg dette litt nedover og sikt inn på ”steinsett terrasse”, som liknar ein smal veg i berget, nedst på Sulefjellet og som går oppover mot sør. Gå vidare i ur rundt på sørsida av bratt kant til venstre, eller finn ei lei opp den bratte kanten. Fylg terrengsøkket vidare austover mot toppen. Her er det lett å gå, for i ura er det mange gangar av grus, jord, mose og lav. Frå toppen har du minst den same flotte utsikta som frå Suletinden. Det finst også andre ruter opp på og ned frå Sulefjellet, men dei er meir risikofylte og difor tek me dei ikkje med her.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Sulebu - Kljåen
Vang

Vandring 17.1 km · 5 – 6 t

Sulebu - Breistølen
Vang

Vandring 19.3 km · 7 – 9 t

Bleia
Vang

Skitur 7.4 km · 3 – 4 t

Suletinden
Vang

Skitur 7.9 km · 4 – 6 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt