Stigen hass knut Vandring

  • Morgonskodda i Helin-liene under Svarteskred.

    Morgonskodda i Helin-liene under Svarteskred. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 3.6 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 130 meter
  • Varighet: 1–1.5 timer

Om Stigen hass knut

Ingen har vel vore så flink til å rydde stigar for andre som han Knut Lajord. Han likte å rusle i skogen med øks og sag og rydde gamle stigar som etter kvart gror att no når det er mindre bufe til å halde stigane oppe. Ved Grøvstølen, i nordvestenden av Helin tek vegen av til Nørre Smådalen og Grindadn. Fylg denne 900 meter oppover til skilt ”Stigen hass Knut” som tek av til venstre. Her kan ein sette bilen. Etter snautt 100 m deler stigen seg, sjå skilt. Den øvre går over Turthamar, øvst i Svarteskred og går i skoggrensa under Kvite Møsin. Den nerre går under Turthamar nedunder Svarteskred, forbi gamle Skørisjordet og Bøkkejordet der ”Bjørnstadhytta” står i dag. Båe stigane kjem fram att i Brattseteggen, der det står skilt. Nerre stigen kjem inn på vegen 100 m ovafor bommen i Brattsete og øvre stigen i Kløvjavegen Helin - Smådalen ca. 100 m på oversida av bilvegen, ca. 750 m ovafor bommen. Tidlegare gjekk det stølsveg mellom Skoldungadn, stølane sør for Grøvstølen, og over til Nørre Smådalen. Delar av denne stigen er no borte på Helinsida pga. oppdyrking. Denne gamle stølsvegen gjekk oppunder Svarteskred, bratt oppover og over Kvite Møsin og vidare sørvestover og innatt på den arbeidde stølsvegen over Smådalsfjellet, ved stølslaget på Nørre Smådalen. Stigen er umerka, men lett å finne. Han tek av frå ”Stigen hass Knut”. Flott utsikt.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Stølsvegen Helin - Smådalen

Vang

Vandring 8.1 km · 2.5 – 3.5 t

Smådalen

Vang

Sykling 16.4 km · 1 – 2.5 t

Jørungilknappen

Vang

Vandring 6.7 km · 2 – 4 t

Rankonøse

Vang

Vandring 9.3 km · 2.5 – 3 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt