Ranastønge Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 7.6 kilometer
  • Elevation 950 meter
  • Duration 6–8 timer

Legg i favoritter

Om Ranastønge

Les vegforklaringa til tur F1 og fyrste del av tur F4 til kryssing av Smådøla. Nokre meter opp langs Tvørråne kryssar leia til Hestebøtten og Rankonøse åne og held fram på nordsida, men me fylgjer merka stig på sørsida langs ån til du kjem til bekken som kjem ned frå Kulehøla. Her sluttar merkinga, men leia vidare er enkel å finne. Du går rett oppover på austsida (venstre sida) av bekken, i retning Kulehøla (1662 moh.), som betyr »det kalde holet» (eller kanskje det kjem av at tjednet er ”kulerundt”). Eit stykke oppi møter du ura, men her vil du sjå at ca. 50 m frå bekken, og parallelt med den, går ein grøn slae (stripe) oppover gjennom ura. Den fylgjer du og kosar deg over alle musøyro som veks her og dannar den grøne stripa. Ved omlag 1500 moh. sluttar ”musøyrestripa” og berggrunnen skiftar frå næringsrik fyllitt til sure bergartar i Jotundekket.

No er du komen så høgt og har sveitta så mykje at det kan vera godt med ein kvil for å nyte utsikta. Du har sikkert lagt merke til at heile vegen frå stølane og opp til ca. 1500 m der bergarten fyllitt tek slutt, har du kunna gleda deg over eit rikt planteliv. Her skal m.a. finnast kvitsoleie, turt, fjellkvann, svartstorr, reinrose, snøsøte, bakkesøte, reinmjelt, gulmjelt, mange sildreartar og den sjeldne snøsoleia. Med det same kan du bruke kikkerten, dersom du har, innover i Hestebøtten for å sjå om det skulle slenge eit og anna reinsdyret der. Det hender.Vidare går du aust for den merkelege Kulehøla og opp til punkt 1870 moh., eller vest for Kulehøla til punkt 1888 moh. Ta gjerne ein pust i bakken og nyt utsikta før du går vidare i blokkmark forbi ein og annan varde til topp-punktet 1900 moh. Fylg same ruta nedatt. Eller: Gå Ranastønge på langs vestover, sving ned i skaret mot Vesle Hestebøtt-tjedn (1310 moh.) og vidare ut Hestebøtten. Men dette blir ein lang tur, så kondisen bør vera i orden.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Ranastønge kart