Hulabaksteinen Vandring

  • Hulabaksteinen.

    Hulabaksteinen. Foto: Thor Østbye

  • Smådalen: frå venstre Hestebøtten, Rankonøse, Grindadn.

    Smådalen: frå venstre Hestebøtten, Rankonøse, Grindadn. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 0.8 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 20 meter
  • Varighet: 0.2–0.5 timer

Om Hulabaksteinen

Hulabaksteinen ligg i Smådale. Du køyrer vegen nedover dalen og tek vegen til venstre til Sørre Storlien. Parker  bilen på grassletta ca. 100 m før stølane, og fylg merkinga ned til steinen.

Hulabaken er ein sagnfigur som antakeleg har levd. På ein av Hulbak-gardadn i Hemsedal levde det på 1600-talet ein Levor Hulbak som fekk det lite ærefulle tilnamnet ”Tjuve-Levor”. Kanskje kan han vera den sagnomsuste Hulabaken? Det har spunne seg mange myter og sagn om denne stortjuven, godt krydra med overtru og frodig forteljarkunst. Det vart sagt at han gøymde tjuvegodset sitt i Hydale der hemsedølane har stølar. Sjølvsagt var folk ute etter å ta denne tjuvefanten, men han hadde på eitt eller anna vis greidd å skaffe seg huldrehatt, slik at både han og tjuvegodset hans var usynleg. Iblant, når han hadde folk etter seg, gøymde han seg i Hulabaksteinen, blir det sagt. Nokon god og romsleg opphaldsplass for lengre tid vil du nok finne ut at det ikkje var dersom du kryp inn, for det let seg gjera.

Dei skjønte etter kvart at skulle dei greie å fange tjuven, måtte det gjerast med lempe og list. ”Vangstradisjonen” går ut på at nokre karar la seg på lur ved elvekanten nedpå Øyno. Då dei hadde venta lenge og vel, kom Hulabaken ridande over åne, men dei såg berre spruten frå hesteføtene, for hesten og var usynleg. Men dei smelte til og skaut og råkte hesten. Då datt hatten av Hulabaken så han vart synleg. Korleis dei tok livet av karen, er det fleire ”variantar” av. Den mest vanlege er at dei tok han med utpå Hanafjorden i Slidre. Der hengde dei han etter ein båt for å truge han til å fortelja kvar han hadde tjuvegodset sitt. Gjorde han det, skulle dei spara livet hans. Men tilståinga ”sat langt inne”, og kreftene tok slutt. Då skreik han så det ljoma i fjella: ”Dei løvde meg liv, men e fekk det kji”. Dermed drukna han. Men før han oppgav anden, rokk han å lyse forbanning over gjerningsmennene og etterkomarar i 9 ledd. Og det er sagt at forbanninga var verksam i fleire generasjonar.

I mørke uversnetter kan dei enno høyre Hulabaken skrik utpå fjorde: ”Dei løvde meg liv, men e fekk det kji”.

Så tok dei han til lands og spente han mellom fire hestar som drog til kvar sin kant. Noko verre var dei kanskje ikkje i stand til å finne på?

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Vabakko
Vang

Vandring 3 km · 0.2 – 1 t

Traneskrik på Øynadn
Vang

Fuglekikking 2.5 km · 2 – 2.5 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt