Kviissyndin - Storehøvda - Langehage Vandring

  • Med sykkel langs Nørre Syndin.

    Med sykkel langs Nørre Syndin. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 14.7 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 390 meter
  • Varighet: 2–2.5 timer

Om Kviissyndin - Storehøvda - Langehage

Utgangspunkt: Du køyrer Syndisvegen frå Ryføss. Ca. 400 meter før du kjem til butikken ”Syndinsstøga” i vegkrysset ved Åstadstøladn, der det står info-tavle, finn du merkestikker i vegkanten der turen startar. Etter å ha gått opp ein liten bakke er du oppe på Langefønnkampe og har utsikt til Midtre- og Nørre Syndin, mot Gilafjellet, Grindadn og fjella på nordsida av Vangsmjøsen. I flatt, fint lende går du vidare mot Storehøvda, før stigen svingar vestover og nedover i fjellbjørkeskog mot Langehage. Her går det stig nedover langs Ala på båe sider mot Hugastølen/Hugakøllen. Ala er vanlegvis lett å steingå i osen.

Vil du ha deg ein skikkeleg rundtur, kan du gå over Ala og gå stølsvegen sørvestover langs nordsida av Nørre Syndin, svinge til venstre i vegkrysset som går til stølar og til Kelken, og gå vidare på stig rundt vatnet til du atter er på arbeidd veg som fører deg attende til utgangspunktet. 

Men kanskje vel du å gå attende til utgangspunktet langs austsida av vatnet. Frå Langehage går det ein triveleg traktorveg sørover langs stranda og gjennom Kviisstøladn. Den siste 1½ km går på stølsveg. Traktorvegen mellom Langehage og Kviissyndin er så jamn og fin at han kan ferdast både med sykkel og barnevogn, om det måtte passe.

Fyllitten i grunnfjellet her gjev rik vegetasjon. Langs stranda blømer ei mengd næringskrevjande plantar, bl.a. fleire orkidé-artar.

Mange av dei vanlege fjellfuglane kan du sjå på turen over Langefønnkampen, ikkje minst heiloa som pliktoppfyllande varslar ditt nærvær. Det hender endå til at den sjeldne myrhauken jaktar her oppe. Langs Nørre Syndin kan du, om du er heldig, sjå både krikkand, laksand, kvinand, toppand, strandsnipe, raudstilk og enkeltbekkasin.

På Storehovda har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Langehøvde
Vang

Terrengsykling 10.7 km · 2 – 4 t

Padletur på Syndin
Valdres

Padling 11.3 km · 24 t

Kruk trail ride
 

Terrengsykling 8.4 km · 3 – 5 t

Gilafjellet / Kruk
Valdres

Vandring 5.7 km · 5.5 – 6 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt