Kongevegen neset - Kvam - Syndrol Vandring

  • Kvamskleiva var berykta da dette var ferdavegen. Her er vi øvst i kleiva med Neset bakanfor.

    Kvamskleiva var berykta da dette var ferdavegen. Her er vi øvst i kleiva med Neset bakanfor. Foto: Thor Østbye

  • På oppmura vegbane langs Kvamskleiva.

    På oppmura vegbane langs Kvamskleiva.

  • Store delar av vegen mellom Neset og Søndrol går i lett bølgjande terreng på fin grasmark.

    Store delar av vegen mellom Neset og Søndrol går i lett bølgjande terreng på fin grasmark.

  • Kvam har ope nokre dagar i sumarmånadene. Her er museum og traktering.

    Kvam har ope nokre dagar i sumarmånadene. Her er museum og traktering.

  • Du blir glad av det vakre landskapet som ligger framom deg på veg mot Vang. Grindadn 1724 moh, bak til venstre.

    Du blir glad av det vakre landskapet som ligger framom deg på veg mot Vang. Grindadn 1724 moh, bak til venstre.

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 9.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 470 meter
  • Varighet: 1–1.5 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Kongevegen neset - Kvam - Syndrol

Er du interessert i gamle vegar, vegbygging, lett mosjon, sugen på naturinntrykk og ein tur med ”historisk sus”, då er dette ein tur for deg. Denne gamle vegleia vart teken i bruk i 1808 og avløyste Den Bergenske Kongevegen som gjekk på austsida (nordsida) av Vangsmjøsen, frå Høre over Hensåsen, Remmisåsen og ned til Leirhol der det var ferje over til Hella på sørsida av fjorden.

Vegen over Kvamskleive vart frykteleg bratt, og på vinterstid kanskje livsfarleg, men på den tida var dette einaste måten å byggja veg på. Det skulle heller ikkje gå meir enn 54 år før vegen vart erstatta av vegen langs fjorden (1862 stod det lenge måla på fjellveggen). Men på desse fåe åra vart vegen både berømt og berykta. Engelskmannen John Barrow som køyrde vegen i 1833, karakteriserte det han såg under seg i Kvamskleive som ein avgrunn, og slo fast at ingen ting var gjort for å hindre at køyretøy glei utfor den bratte, smale vegen. Kanskje var det slik då han for der, men no vil me sjå at det finst solide kantmurar, i alle fall der vegen ikkje har rasa ut.

Historia kan fortelja om dramatiske hendingar når tunge lass skulle opp eller ned på blankt hålkeføre, eller når halvfulle godkarar kappkøyrde heimatt frå julemessa i Vang med kjæring og ungeflokk i sluffa. I 1844 skulle kunstmålarane J. C. Dahl og Peder Balke oppover den bratte Galden med eit monstrum av ei kalesjevogn som det måtte fire hestar til for å dra. Men me har ikkje høyrt om dødsulykker i den tida vegen var i bruk.

Like vest for Neset, på rasteplassen der, står det info-tavle, og der startar turen. I skråninga ovafor kjem gamle vegen nedatt etter å ha klyve over Neset. Men du startar på turen vestover (som me her i Vang feilaktig kallar nordover). I fyrste bratte kneiken finn du skilt med namnet Tørisgalden. Kva for ein Tøris dette er, veit eg ikkje, men gald betyr skrånande berg og ein vanskeleg plass å passere. Vidare har du ein ganske flat og fin grasgrodd veg framfor deg eit stykke til du har passert Raude skreda og tek fatt på stigninga opp mot Saubekken og vidare opp over Galden. Litt før toppen opnar det seg fantastisk utsikt over bygder, fjord og fjell, så der bør du ta ein pust i bakken. Her har murane rasa ut, og du ser rett ned i nye vegen under deg, men vegen er sikra og heilt ufarleg å gå. Går du her i mai, finn du den giftige busken tysbast blømande med sine raudfiolette blomar langs vegen.

Litt lenger oppe flatar vegen ut, og du får ein fin spasertur gjennom Grønolen. På toppen av Stølsbakke tek stølsvegen til Hugastølen av. Så går du vidare i ein idyllisk blanding av skog og kulturlandskap framover mot den gamle lensmannsgarden Kvam. Skilt her viser både opp til Hugastølen/Hugakøllen og ned til det gamle tunet, som er restaurert, og der dei til visse tider tek mot folk for servering og omvisning i dei gamle husa. Her var det tingstove og ”arrestanthus” der sjølvaste Gjest Bårdsen overnatta då han vart frakta frå Bergen for å sone livsvarig slaveri på Akershus. Og hjå den snille lensmann Wangensteen fekk han leggja av seg jernbøra på 30 kg medan han sov. Så blir det fortalt at då han dagen etter skulle vidare på ferda, hoppa han ”standhøpp” opp i kjerra med jernutrustningen på. Det kan vel vera noko overdrive.

Har du no teke svingen nedom garden og kanskje fått deg ein god matbit, ruslar du oppatt i Kongevegen og held fram i stikkbein line, men bakke opp og bakke ned. Du passerer heimstølen Smørhøla oppe til venstre, der dei sikkert laga mykje godt smør, og så er du snart nede i siste bakkane med fin utsikt over ”Vangssøkne” og fjella omkring, med Grindadn, Bergsfjellet og Skudshødn som dei mest dominerande. Så er du nede ved Syndrol og E-16 der du kanskje blir henta, eller har bil ståande. Denne turen kan sjølvsagt like gjerne gå i motsatt retning, og du må då lesa ”bakvendt”.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Stølsvegen Kvam - Hugastølen
Vang

Vandring 11.7 km · 2 – 3 t

Kvamskleiva
Kongevegen

Vandring 4.7 km · 1 – 2 t

Kultursti til Rysndalen
Valdres

Vandring 2.2 km · 2.5 – 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt